Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Time kommune søker fastlege til privat næringsdrift ved Sandtangen legesenter på Bryne.

Oppstart frå 01.06.23, eller etter nærare avtale.
Listetaket er på 1000 pasientar. Gjennomsnittsalder på lista er ca. 35 år og det er 55 %  kvinner og 45 %  menn.

Økonomiske vilkår ved overdraging av praksis vert forhandla med avtredande lege, jmf. ASA 4310 5-6.
Kommunen kan tilby etableringstilskot og Alis tilskot.


Arbeidsoppgåver
  • Følga opp pasientar på liste.
  • Det er for tida ingen andre kommunale legeoppgåver knytt til heimelen, men dersom det er ønskeleg, kan dette vera mogleg.
  • Legevakt 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og kl. 08-23 i helger.
  • Nattevakter ved interkommunal legevakt i Hå.
  • Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon
  • LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
  • Krav om politiattest
     
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Me tilbyr
  • Etableringstilskot på 300 000 med avtalt bindingstid.
  • Alis tilskot i tråd med kriterier frå Helsedirektoratet.
  • Introduksjonkurs og rådgiving i rekneskap inntil fem timar
Sandtangen legesenter er sentralt plassert på Bryne. Senteret held til i moderne og funksjonelle lokale, er godt utstyrt, mellom anna med ultralydapparat, og husar sju fastlegar. Medhjelparane er stabile og dyktige og består av sjukepleiarar, helsesekretær og bioingeniør. Senteret er veldrive med gode rutinar og godt arbeidsmiljø.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktpersoner
Navn: Lene Hammervold Olsen
Tittel: Verksemdsleiar helse og rehabilitering
Telefon: 922 84 538
E-post: lene.hammervold.olsen@time.kommune.no
Navn: Torbjørn Mosdøl
Tittel: Fastlege og dagleg leiar
Telefon: 91548524
E-post: torbjorn.mosdol@sandtangen.nhn.no
Navn: Øystein Fjetland Øgaard
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 45662014
E-post: oystein.fjetland.ogaard@time.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirsten Brynes veg 7
4344 BRYNE
Søk på stillingen