Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ålesund sjukehus ligg ved fjorden, med flott utsikt til Sunnmørsalpane, og kort veg til både natur og byliv. Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal HF.

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Radiologi Ålesund har 13 overlegar og 8 LIS, med eit ungt og engasjert kollegium. Radiologi Ålesund har totalt 97 ansatte.

Maskinparken består av 2 MR, 2 CT, 3 ultralyd, konvensjonell radiologi inkl. intervensjonsradiologi, brystdiagnostikk, samt nukleærmedisin med SPECT/CT og PET/CT. Både avdelinga, og sjukehuset ellers, har eit inkluderande og aktivt LIS-miljø

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Radiologi Ålesund har ledig to års-vikariat for lege i spesialisering. Oppstart snarast, etter avtale med avdelingssjef

 

Vi ber om at attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold lastast opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

 
  • 8-delt tilstadesvakt, med overlege i bakvakt.
  • Den som blir tilsett skal følgje program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i radiologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnustjeneste etter gammal ordning.
  • Tidligare teneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
  • Gode norskkunnskapar, for muntleg og skriftleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

  • Vere arbeids- og lærevillig
  • Kunne medvirke til eit godt arbeidsmiljø
  • Kunne trivast med teamarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfaglig samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomster
  • Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jenni Mari Hildre Dimmen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70105536
E-post: jenni-mari.dimmen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Ålesund og Volda - legar, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1
6017 Ålesund