Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vil du vere med på laget vårt?
Seksjon for medisinske legar i Klinikk SNR - Kristiansund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin. Vikariatet er ledig foreløpig i 1,5 år med moglegheit for forlenging. Vikariatet tel som ein del av spesialistutdanninga, og gjer det vidare mogeleg med spesialisering innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske spesialitetane.
Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3 legar deler sekundærvakta. Avdelinga ønskjer gjerne å leggje tilrette for at ein av legane i spesialisering kan ha 20-40 % stilling ved Aure rehabiliteringssenter. Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak.
Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Derfor kjem du til Kristiansund!
- Kristiansund er perla på Nordmøre med naturskjønn beliggenhet ut mot havet
- Hyggeleg småby med eit variert utvalg kaféar og spisestader
- Eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år
- Ein kort biltur unna Atlanterhavsvegen med sin spektakulære beliggenhet og fleire sjarmerande fiskevær
- Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, og med mogelegheit for vidare flybytte
- Eit godt sosialt miljø
Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift
- Mogelegheit for forskning
- Undervisingsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk legeautorisasjon
- Godkjent turnusteneste/ LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Du er fleksibel, positiv og endringsorientert
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår