Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Avdeling for rehabilitering har ledig 100 % fast stilling for overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering frå 02.01.2023.


Avdeling for rehabilitering er ansvarleg for tverrfaglege og spesialiserte rehabiliteringstenester til pasientar i Helse Fonna sitt opptaksområde, 18 kommunar. Vi har døgnpost (9 plassar) og poliklinikk (fysikalsk medisin poliklinikk, rehabiliteringspoliklinikk og HelseIArbeid poliklinikk). I avdelinga er det 3 overlegestillingar og 1 LIS-stilling, utan vaktordning. Det tverrfaglege teamet ved avdelinga består av legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, fysioterapeut, ergoterapeut, nevropsykolog, logoped, sjukepleiar og helsefagarbeidar.
 
Avdeling for rehabilitering er lokalisert ved Stord sjukehus. Stord kan by på flott natur, småbyliv og eit rikt sports- og kulturtilbod. Stord ligg midt mellom Bergen og Stavanger, og det går lokalfly mellom Stord og Oslo dagleg. 
 
Avdelinga vår er kjent for vårt trivelege arbeidsmiljø, og det er mange dyktige og engasjerte medarbeidarar i det tverrfaglege teamet vårt. Bli betre kjent med oss på Instagram, "fysmedstord".
 
Velkommen til å søkja på stilling hos oss!

Arbeidsoppgåver

  • Det er arbeidsoppgåver knytt til poliklinikk og døgnpost
  • Rettleiing og supervisjon av LIS-lege
  • Bidra til utarbeiding og oppdatering av avdelinga sine rutinar og prosedyrar
  • Undervisningsoppgåver   

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning.
  • Søkjar må vera spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering. Nevrolog med interesse og erfaring frå rehabilitering kan også bli vurdert.
  • Fordel med erfaring frå avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
  • Gode språkkunnskapar og kommunikasjon er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjar må kunna norsk munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk må ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Engasjert
  • Kunne jobbe strukturert og effektivt
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Pensjonsordning i KLP, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Marianne Hollund Espeland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 952 34 329
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 STORD
Søk på stillingen