Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du ei spennande og utfordrande spesialisering der medisinsk utvikling og teknologi er i fokus? Då kan dette vere stilling for deg.

Patologiavdelinga er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. I avdelinga legg vi vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Vår avdeling har eit godt fagmiljø med varierte og spanande oppgåver frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analysar, samt obduksjonar. Vi er ei framtidsretta avdeling der legane arbeider med digital patologi. Med regional digital patologi har vi eit tett samarbeid i Hele Vest der vi kan samhandle på tvers av lokasjonar, og vi har også moglegheit for å utføre deler av arbeidet digitalt.  Avdelinga er i ferd med å starte opp med neste generasjon sekvensering for persontilpassa diagnostikk av kreftpasientar. Avdelinga har for tida fem overlegestillingar og to heimlar for lege i spesialisering.

Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kysten og båtliv. Førde er eit handelsentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekk seg frå kunst til konsertar.

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Avdeling for patologi er ei av tre laboratorieavdelingar, og vi arbeider i tett samarbeid med kliniske avdelingar for optimalisering av krefdiagnostikk.

Vi søkjer ansvarsbevisst person med interesse for patologifaget som har evne til å arbeide godt i team, tileigne seg kunnskap og arbeider nøyaktig og effektivt. Stillinga legg opp til eit utdanningsløp med hoveddel av LIS-utdanning ved Førde sentralsjukehus og tilleggsutdanning i Helse Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • LIS får delta i diagnostisk arbeid med vevsprøvar, celleprøvar og obduksjonar
  • Deltaking i undervisning og prosjekter ved avdelinga
  • Arbeidstid er dagtid 0800-1600. Ved behov kan fleksibel arbeidstid tilretteleggast

Kvalifikasjonar

  • LIS lege skal ha norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1
  • Kunnskap innan dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
  • Relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring tel positivt
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
  • Evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig og effektivt

Vi tilbyr

  • Personleg rettleiing og individuelt tilpassa utdanningsprogram
  • Rekrutteringstillegg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for individuelt tilpassa arbeidstid
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Tonje Bøyum Riste
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 918 06 787
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde