Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Avdeling for rehabilitering har ledig 100 % fast stilling for lege i spesialisering i fysikalsk medisin frå 01.01.2023.
Fastlegar med behov for sjukehusteneste er også hjarteleg velkomne hos oss (ALIS).

Avdeling for rehabilitering er ansvarleg for tverrfaglege og spesialiserte rehabiliteringstenester til pasientar i Helse Fonna sitt opptaksområde. Vi har døgnpost (9 plassar) og poliklinikk (fysikalsk medisin poliklinikk, rehabiliteringspoliklinikk og HelseIArbeid poliklinikk). Det tverrfaglege teamet ved avdelinga består av legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, fysioterapeut, ergoterapeut, nevropsykolog, logoped, sjukepleiar og helsefagarbeidar.

 

I avdelinga er det 1 LIS-stilling, utan vaktordning. Spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering blir starta etter gjennomført LIS1 teneste. For å oppnå læringsmåla skal LIS-legane ha LIS 2/3 teneste i totalt 1 år innan eitt eller to av dei indremedisinske faga revmatologi, ortopedi, nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, onkologi, rus- og avhengighetsmedisin og / eller allmennmedisin. Det er inngått avtaler i Helse Fonna innan indremedisin, ortopedi, nevrologi, psykiatri og revmatologi. Det er avtale med 18 månaders teneste ved universitetssjukehus ved ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Haukeland Universitetssykehus. For meir detaljert informasjon om LIS-utdanninga ved vår avdeling, ta kontakt med avdelingsleiar eller avdelingsoverlege.

Avdeling for rehabilitering er lokalisert ved Stord sjukehus. Stord kan by på flott natur, småbyliv og eit rikt sports- og kulturtilbod. Stord ligg midt mellom Bergen og Stavanger, og det går lokalfly mellom Stord og Oslo dagleg. 

 

Avdelinga vår er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og det er mange dyktige og engasjerte medarbeidarar i det tverrfaglege teamet vårt. Bli betre kjent med oss på Instagram, "fysmedstord".

 

Velkommen til å søkja på stilling hos oss!

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg oppfølging av pasientar ved rehabiliteringspost. Utreiing og behandling. 
  • Utreiing og behandling av polikliniske pasientar
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Journalarbeid
  • Internundervisning av helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS 1 innan startdato er eit krav for å bli vurdert til stillinga
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Gode språkkunnskapar og kommunikasjon er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjar må kunna norsk munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk må ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Engasjert
  • Gode datakunnskapar
  • Kunne jobbe strukturert og effektivt
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstar
  • Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Marianne Hollund Espeland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 952 34 329
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 STORD