Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
I Ørsta kommune er det frå 01.01.2023 ledig fastlegeheimel for autorisert lege. Fastlegeheimelen er lokalisert til Ørsta helsesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med samarbeidsavtale med kommunen. Legesenteret har i dag 14 fastlegar og to LIS 1- legar. Tilsettinga i gruppepraksisen krev avtale med Legesenteret AS på dei vilkår som er gjeldande. 

Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.

Kvalifikasjonar
Legen må ta del i avtala legevaktordning som følgjer praksisen.

Listelengda er for tida på 650 pasientar, men med muligheit for utviding. 

Ørsta kommune/Ørsta helsesenter har kommunal legevakt på dagtid. På ettermiddag, kveld og helg inngår vi i interkommunal legevakt saman med kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Volda. Legevakta er samlokalisert i nye lokale saman med Ambulansetenesta i Hovdebygda.

Vi vil vektlegge at du har
  • Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin, alternativt er under spesialisering i allmennmedisin
  • Gode evner i norsk munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk som målform.
  • Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.
  • Førarkort klasse B
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing. 

Vi tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med dyktige og positive kollegaer

ALIS avtale for for aktuelle søkjarar.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju  

Om offentleg søkjarliste  
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Kontaktpersoner
Navn: Kristin Vik
Tittel: Tenesteleiar
Telefon: 95056613
E-post: kristin.vik@orsta.kommune.no
Navn: Hege Axe Øvsteng
Tittel: Leiar Ørsta helsesenter
Telefon: 70 04 80 50
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Dalevegen 28A
6153 ØRSTA