Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Har du lyst til å jobbe i eit godt fagleg og
engasjert miljø med gode arbeidstidsvilkår? Då er du kanskje vår neste
psykiater!

Ein av våre dyktige overlegar planlegg pensjon og HAVO har derfor ledig 100% fast stilling for overlege med spesialisering i psykiatri. Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er spennande og variert, og grensar opp mot ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO har ofte samansette kognitive, medisinske og psykiske utfordringar. Målgruppa er i hovudsak personar med grunnlidingar som utviklingsforstyrringar, utviklingshemming,  autisme, ofte i kombinasjon med nevrologiske sjukdommar, skader eller syndrom.  I tillegg kan det være det komorbide tilstandar som ADHD, Tourettes syndrom, angst, affektive og psykotiske lidingar. Mange er unge vaksne som møter utfordringar i overgangen til vaksenlivet. 

I stillinga som psykiater vil du ha fokus på tverrfagleg utgreiing, diagnostikk og behandling. Tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga, og du jobbar tett med andre faggrupper. Ein viktig del av arbeidet er rådgjeving og rettleiing til pasientar, pårørande og kommunehelsetenesta, samt til andre delar av spesialisthelsetenesta. 

Avdelinga består av psykologspesialitar, overlegar, vernepleiarar, barnevernspedagog, ergoterapeutar og fysioterapeut med ulik tilleggsutdanningar. Det er til saman 26 tilsette ved avdelinga. Vi søker overlege som har interesse for våre målgrupper og som ønsker å bidra til vidareutvikling av tilbodet. Stillinga er i utgangspunktet 100%, med det kan også vere aktuelt med deltid om dette er ønskeleg.

Avdelinga er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Avdelingane er i dag på ulike lokalisasjonar. Det er planlagd innflytting i felles bygg på Nordås i 2026 - 2027.

AFMR på Nordås er ei langt større avdeling med fleire tilsette, med både sengepostar og poliklinikk. Auka samarbeid med AFMR er mogleg også før samlokalisering, der det er mogleg å delta i fagutvikling og undervisning ved AFMR si legegruppe (15 legar pr. no).

Det er for tida inga vaktordning eller akuttfunksjon knytt til stillinga. Jobben vil gå føre seg på dagtid, og vi har stengd helgar og høgtider. Arbeidsforma vekslar mellom poliklinikk og ambulant oppfølging.

Tilsettingsdato etter nærare avtale. Avdelinga er i dag lokalisert i Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein. 

Ta gjerne kontakt med seksjonsleder, klinikkdirektør eller overlege i HAVO for en uformell prat.

Sjå elles våre internettsider

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering
  • Behandling
  • Råd og rettleiing
  • Tverrfaglig samarbeid
  • Bidra i forsking, fagutvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet
  • Kurs og undervising kan vere aktuelt
  • Vurdering av tilvisingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Ønskeleg med spesialistgodkjenning i psykiatri, legar med annan relevant spesialitet er også aktuelle 
  • Legar utan ferdig spesialitet er også aktuelle søkarar
  • Interesse for og/eller erfaring frå fagfeltet
  • Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
  • Søkjar må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team 
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø
  • Ønskjer å vidareutvikle kompetansen din og bidra i fagutvikling    
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar og oppgåver
  • Opplæring og rettleiing
  • Arbeidstid som kan lett kan kombinerast med familieliv
  • Samarbeidsmøter med psykisk helsevern kvar veke, om felles pasientar  
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande avtale
  • Avtalefestet overlegepermisjon
  • Moglegheiter for hospitering hos andre HAVO i landet eller i psykisk helsevern


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Kjersti Agnete Erdal
Tittel: Klinikkleiar
Telefon: 55918405 / 91721534
Navn: Randi Myklebust
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55535000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Olav Bjordalsvei 29
5111 Breistein