Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Om stillinga:
Voss Sjukehus, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS 3 i spesialisering innan ortopedisk kirurgi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Vikariatet er ledig frå snarast til 31.08.2023 eller etter avtale med seksjonsoverlege. Det er store moglegheiter for forlenging. Ta gjerne kontakt ved spørsmål.                                                                                                                                                                                                                                

Om avdelinga:
Det er 8 LIS 2/3 legar ved kirurgisk avdeling, 4 LIS 3 ortopedi og 4 LIS 2 generell kirurgi. Vaktordninga er for tida 8-delt, felles vakt ortopedi og generell kirurgi med helgevakt kvar 4. helg. Det er 5 spesialistar i ortopedisk kirurgi ved sjukehuset.

Voss sjukehus behandlar både elektiv ortopedi og ortopedisk traumatologi. Elektiv kirurgi omfattar mellom anna artroskopi i skulder/kne/ankel, fot- og ankelkirurgi og protesekirurgi i hofte og kne.
 
Om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrking av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.
 
Om Voss:
Voss har om lag 14.000 innbyggarar og staden har flott natur som gir særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar både for born og vaksne, samt for ekstremsportutøvarar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod.  Sjå her: 
Å bu og jobbe på Voss

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk 
  • Visittgang og postarbeid
  • Operere og assistere på operasjon
  • Rettleiing og undervising av LIS1
  • Forholda vil bli lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og anna etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS3 stilling i ortopedi
  • Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne       

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • God fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Engasjert
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Den som blir tilsett som LIS3 ortopedi vil få ein personleg rettleiar og deltar i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Ove Haukenes
Tittel: Seksjonsoverlege ortopedi
Telefon: 56 53 35 00
Navn: Christer Kvelvane
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56 53 35 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss