Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ungdomseininga/TSB post er ein tverrfagleg spesialisert rusbehandlingsinstitusjon (TSB) som er lokalisert på Haugaland DPS avd. Karmøy.
Avdelinga tilbyr døgnbasert rusbehandling, og ettervern til unge vaksne pasientar alderen 18-26 år. Me inngår som ein del av det spesialiserte rusbehandlingstilbodet i Helse Vest. Posten er bemanna med spesialiserte sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, psykologspesialist, miljøterapeut og hjelpepleiar. 

Me søkjer etter lege med spesialisering i rusmedisin, psykiatri eller allmennmedisin i ein 20-40 % fast stilling til ein veldreven sengepost. 

Arbeidsoppgåver

  • Pasientbehandling i tverrfaglege team
  • Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
  • Behandleransvar
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar 
  • Avgrensa lege-rolle uten vaktoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i rusmedisin, psykiater eller spesialist i allmennmedisin
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel
  • Må beherska norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Engasjement og interesse for pasientgruppa
  • Gode samarbeidsegenskapar
  • Gode relasjonsferdigheitar
  • Gode kommunikasjonsferdigheitar
  • Raushet og godt humør
  • Sjølvstendeg   

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit svært trivelig arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling  
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift 

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingrid Camilla Aasbøe Heggland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 95767168
Navn: Karianne Christensen
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: 52734353
E-post: karianne.christensen@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Haugaland DPS
Asaldalvegen 1
4250 KOPERVIK