Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY
-  Og her https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vi har ledig 2 faste stillingar frå snarast.

I tillegg har vi 1 vikariat frå 01.03.2023 og fram til 01.09.2023. med moglegheit for avtale om tidlegare oppstart ved tilsetting.

Ved interne rokkeringar kan det i tillegg bli ledig fleire vikariat.

Medisinske legar er organisert i Klinikk Volda, og vi har 10 stillingar for overlege, 10 stillingar for LIS2/3 og 8 stillingar for LIS1.

Vi er ein generell indremedisinsk seksjon med akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Dette er eit godt fungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering.

Opptaksområdet vårt er Søre -Sunnmøre med omlag 50 000 innbyggjarar

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og evt annan relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for pasientar på medisinsk sengepost, poliklinikk og medisinske overvakingssenger på felles intensivavdeling
  • Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå indremedisinsk arbeid
  • Gode faglege kvalifikasjonar, engasjement og arbeidsglede
  • Godkjent LIS1

Personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må meistre skandinavisk språk skriftleg og munnleg
  • Evne og vilje til å arbeide tverrfagleg
  • Gode samarbeidsevner og personelege eigenskapar vert vektlagde

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Miriam Wiksnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70058200
E-post: Miriam.Wiksnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda