Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med vel 79 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2022 eit budsjett på 152 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i 2 fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
  • Forskning, kvalitetsutvekling og utdanning av helsepersonell


Klinikken har for tida 9,6 legespesialistar og 20 psykologspesialistar tilsett. Vi ønskjer å styrke spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar.

Bjørgvin Psykosepoliklinikk:

Er breitt tverrfagleg samansett personalgruppe med overlegar, psykologspesialist, sjukepleiarar, vernepleaiarar, sosionomar, musikkterapeut, uttrykksterapeut, fysioterapeut, IPS konsulentar og erfaringskonsulent. Poliklinikken er teamorganisert og har mellom anna ACT team i samarbeid med Bergen kommune.

Fagområde psykose består av følgande seksjonar:

Bjørgvin psykose poliklinikk
Bjørgvin psykose døgnbehandling

Vi søker etter Seksjonsoverlege i 100% stilling til Bjørgvin Psykose poliklinikk.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av pasientar
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Arbeid i tverrfaglegeteam
  • Vere med på å utvikle og forbetre sekjonen behandlingstilbod
  • Stillinga har linje til klinikkdirektør

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialitet innan Psykiatri
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Tone Tveit
Tittel: Konstituert klinikkoverlege
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen
Tertnesveien 37
5113 Tertnes