Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med vel 79 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2022 eit budsjett på 152 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i 2 fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
  • Forskning, kvalitetsutvekling og utdanning av helsepersonell


Klinikken har for tida 9,6 legespesialistar og 20 psykologspesialistar tilsett. Vi ønskjer å styrke spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på klinikknær forskning. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar.

Vi søkjer etter ein Overlege i psykiatri i 100 % stilling som Klinikkoverlege. Stillingen er direkte underlagt klinikkdirektør. 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna medisinsk fagleg ansvar
  • Klinikkoverlegen inngår i klinikkens leiargruppe
  • Bidra til god klinikkintern samhandling mellom dei to fagområda
  • Stillinga er delt mellom administrative og pasientretta arbeid
  • Stillinga vil i fyrste fase ha hovedfokus på fagområde psykose
  • Delta aktivt i tenesteutviklinga i klinikken
  • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til klinikken

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i Psykiatri
  • Brei klinisk kompetanse er ønskeleg
  • Leiarerfaring er ønskeleg
  • Norsk autorisasjon
  • Søkjar må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du er fagleg oppdatert og engasjert
  • Du er nytenkande og fremtidsretta
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Tone Tveit
Tittel: Konstituert klinikkoverlege
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen 
Tertnesveien 37
5113 Tertnes