Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig 4 vikariat for lege i spesialisering i Nevrologi. Oppstart for vikariata er 1. mars 2023 med 12 månaders varigheit. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga i Nevrologi for kandidatar som har gjennomført LIS1-teneste, og det kan bli høve til forlenging av vikariat.

For vikariat kan Cand.med. og søke og bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. 

Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har akuttpost med 30 senger (inkludert slageining), rehabiliteringspost for ryggmargsskader, dagpost og poliklinikk. Nevrologisk avdeling samarbeider med dei andre akuttavdelingane om mottak av akuttpasientar i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Avdelinga har om lag 30 legeårsverk.

I avdelinga arbeider LIS i team med overlegar, sjukepleiarar og personell frå fleire tverrfaglege grupper, som kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar støtt med å forbetre arbeidsprosessane. I Nevrologisk avdeling har vi også eit av landets fremste forskingsmiljø innanfor nevrologi, og gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forsking i tilpassa løp. Kvar LIS får eigen rettleiar. Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig. LIS får tidleg erfaring med poliklinisk utgreiing og oppfølgjing, under tett supervisjon frå erfarne spesialistar.

Avdelingssjefen er leiar for legegruppa og arbeider saman med legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på sengepost, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Mottak og oppfølging av pasientar
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i nevrologi
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Petter Schandl Sanaker
Tittel: Avdelingsjef
Telefon: 55976059
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen