Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune har ein fastlegeheimel utan økonomiske hefte/listekompensasjon ledig for overdraging til ny eigar frå 01.03.2023, eller etter nærare avtale. Heimelen er tilknytt Moa Legesenter AS. Listestorleik er idag 800, men det er ynskjeleg med 1000 ut fra Ålesund kommune sin legeplan. 
Moa Legesenter A/S er ein veldreven og godt etablert 4 legepraksis med sentral beliggenhet på Moa. Her er erfarne legar som gir råd og støtte, og eit rutinert og stabilt hjelpepersonell som består av helsesekretærar i 2,8 stilling.
Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel.
Som sjølvstendig næringsdrivande lege i privat kontor mottar du, og legekontoret eit årleg tilskudd frå kommunen.
Til heimelen inngår deltaking i interkommunal legevakt. Dette er en veldreven legevakt, der en jobber som sjølvstendig næringsdrivande på kveldsvakt i ukedagane og på helg. Det er fastlønn på natt. 

Vilkår for overdraging vert avtalt med Ålesund kommune etter retningslinjene frå legeforeininga.
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Norge
  • Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Ynskjeleg med selvstendig vaktkompetanse.
  • Overtaking av fastlegeheimel føreset framlegging av tilfredstillande politi-og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar:
  • Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legesenteret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv fremtoning
  • God arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
  • Ålesund kommune er godkjent utdanningsvirksomhet, og vil legge til rette for spesialisering i
    allmennmedisin, og du vil få tilbud om ein ALIS avtale.
  • Kommunen vil tilrettelegge for at nyutdanna leger kan tilbys fastlønn 1 år i starten om ein ynskjer dette, før ein går over til næringsdrift. Fastlønna lege vil få 15 % bonus på inntjening.  
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktpersoner
Navn: Henning Pilskog
Tittel: Verksemdsleiar
Telefon: 41428558
E-post: henning.leiv.pilskog@alesund.kommune.no
Navn: Lisbeth Anita Løvoll
Tittel: Assisterande verksemdleiar
Telefon: 91743615
E-post: lisbeth.anita.lovoll@alesund.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Fastlegeheimel Moa Legesenter
Last ned søknadsblankett

Arbeidssted
Moa legesenter
Vestmoa 6
6018 ÅLESUND