Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
I Ålesund kommune ligger Brattvåg, her har du god tilgang til friluftsliv, tett på både fjell og fjord. Med ein kjøretur på 30 min så kommer du til Moa, eit av Norges største kjøpesenter.
Brattvåg legesenter er eit kommunalt drevet kontor. Vi held til i moderne lyse lokale, nydeleg utsikt frå kontoret til både fjell og sjø. Her er  gratis parkering i parkeringshus, og el-bil lader. Kontoret er godt utstyrt, journalsystem er CGM allmenn. Kontoret har eit godt arbeidsmiljø. Her er heimlar til 6 fastlegar, og 1 LIS-1 lege. Erfarne legar å spørre og  dyktige medarbeidarar som kjenner nærmiljøet godt. 

Ved legesenter er der no tre ledige fastlegeheimlar ledige: Heimlane er utan økonomiske hefte/listekompensasjon ledig for overdraging til ny eigar etter avtale. Listene vert administrert av kommunen, og der er ingen økonomisk kompensasjon knytt til tildeling av heimlane. Den som vært tilsett opparbeider da heller ikkje rett til goodwill for arbeidet som vert utført. 
Kvar liste har eit listetak på 800, det er ynskjeleg fra kommunen at dette aukast til 1000. Eller 800 og tilplikta arbeid i 20 %. 
Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling med minimum 6 mnd varsel. 
Søkarane kan velge mellom næringsdrift, eller fast tilsetting. Ved fastlønn vil ein få utbetalt ein 15 % provisjon av inntjening. 
Fastlønn har pr idag eit tidsavgrensa rektrutteringstilskot. 
Tiltredelse etter avtale.
Til kvar av heimlane inngår deltaking i kommunal legevaktsordning ved Ålesund Interkommunale legevakt. Dette er en veldreven legevakt, der en jobber som sjølvstendig næringsdrivande lege på kveldsvakt i ukedagane og på helg. Det er fastlønn på natt. 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS 1 tjeneste i Norge.
  • Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Ynskjeleg med selvstendig vaktkompetanse.
  • Overtaking av fastlegeheimel føreset framlegging av tilfredstillande politi-og tuberkulinattest. 
Personlege eigenskapar
  • Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legesenteret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv fremtoning
  • God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
  • Ålesund kommune er godkjent utdanningsvirksomhet, og vil legge tilrette for spesialisering i
    almennmedisin, og du vil få tilbud om ein ALIS avtale. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktpersoner
Navn: Henning Pilskog
Tittel: Verksemdleiar
Telefon: 41428558
E-post: henning.leiv.pilskog@alesund.kommune.no
Navn: Linn Jenny Morsund
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 41446306
E-post: linn.jenny.morsund@alesund.kommune.no
Navn: Lisbeth Anita Løvoll
Tittel: Assisterande verksemdsleiar
Telefon: 91743615
E-post: lisbeth.anita.lovoll@alesund.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Fastlegeheimler Brattvåg
Last ned søknadsblankett

Arbeidssted
Brattvåg legekontor
Strandgata 40
6270 BRATTVÅG