Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Vi har både lokale, regionale
og nasjonale oppgåver og dekkjer alle områda innan barnesjukdommar. Klinikken
har 67 senger, ca. 4400 medisinske innleggingar og 27000 polikliniske
konsultasjonar årleg. Klinikken er organisert i 9 fagseksjonar inklusive
barnekirurgi. God pasientbehandling, opplæring, utdanning og forsking er
prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne- og ungdomsklinikken har også ansvar
for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss
sjukehus.

I 2023 flyttar vi inn i nytt Barne- og ungdomssjukehus der vi samlar all utgreiing, behandling og oppfølging av barn- og unge innan somatikk
og psykisk helsevern. I Barne- og ungdomsklinikken blir det også løst oppgåver
innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.

Vi har no ledig stilling som 100% overlege ved Barne- og ungdomsklinikken, Haukeland universitetssjukehus, tilknytta Nyfødtintensivavdelinga. Vi treng ein overlege som saman med dei øvrige legane ved seksjonen og heile det tverrfaglege teamet skal bidra til at Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn diagnostikk og behandling av internasjonal standard. Den som blir tilsett må
kunne arbeide sjølvstendig ved seksjonens poliklinikk og sengepost. Dersom søkjer har fleirfagleg kompetanse innan pediatri kan det også leggast til rette for poliklinisk arbeid innanfor desse områda.

Arbeidsoppgåver

  • Til stillinga søkjer vi godjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping i nyføddmedisin
  • Nyføddintensivavdelinga har 16 senger og har ansvar for ca 5000 fødslar ved eige sjukehus og intensivbehandling for eit nedslagsfelt på ca 7500 fødslar
  • Personen som blir tilsett går inn i pt 10-delt tilstadebakvakt eller 7-delt tilkallingsvakt etter kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

  • Vi legg vekt på klinisk erfaring og fungering
  • Forskarerfaring vil bli vektlagt
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode samarbeidferdigheiter og ønskje om å vere del av eit tverrfagleg team
  • Du må meistre norsk/skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Dersom du får tilbod om stillinga må du leggje fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også undner skiftande omstende
  • Du har eit godt lag og får frem det beste i dei andre

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø preget av kompetente medarbeidere som er opptatt av å gjøre en god jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Karin Birgitta Tylleskar
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55975246
Navn: Hallvard Martin Reigstad
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 55975282
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen