Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledige fastlegeheimlar med god fleksibilitet og høve for individuell tilpassing,
 
Heimlane er lokalisert til Hareid legesenter AS.
Ledige heimlar: 1. heimel med listestorleik 800
                             2. heimel med listestorleik på 450 (kan aukast)
                             3 .heimel (ny). Legar ønskjer listereduksjon. Det er ikkje ledig listekapasitet idag og fleire på venteliste. Det er godt grunnlag for oppretting av ny heimel.
Hareid legesenter er eit godt drifta fastlegekontor med 6 fastlegeheimlar.
5 av heimlane er i dag  næringsdrift, og ein med fastlønsavtale. Kommunen har 2 ledige heimlar og ønskjer å opprette ein ny med atterhald om politisk godkjenning.
Vi har LIS1 lege og tek imot legestudentar.
Legesenteret flytta inn i det nye helsehuset då det var ferdigstilt i 2021. Lokala er lyse og trivelige, og svært godt utstyrt. Det aller meste av utstyr var nytt ved innflytting.
Lokalisert i helsehuset er også helsestasjon, jordmor, Nav, tannlege og bibliotek.
Det er flott utsikt over fjord og fjell, og gode moglegheiter til friluftsliv og lett tilgang til Sunnmørsfjella.
Legesenteret ligger sentralt på Hareid i det nye helsehuset, i gangavstand til hurtigbåt og ferger med kort avstand til Ålesund og flyplassen Vigra. 
 
  • Legesenteret nyttar Pasientsky journalsystem - som vert tatt i bruk frå medio oktober 2022 
  • Legevakt utanom opningstida for Hareid legesenter er samorganisert mellom Hareid og Ulstein kommune med 1/3 del Hareid og 2/3 del for Ulstein. Dette gjeld ettermiddag/kveld og helg fram til kl 22.00
  • Nattlegevakt er interkommunal lokalisert i Hovdebygda i Volda saman med kommunane Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda. Den er ca. 30 - delt og omlag 1 vakt/pr mnd.
  • Hareid kommune er godkjend som utdanningsverksemd for spesialistutdanning i allmennmedisin, og tilbyr rettleiing og tilrettelegging for spesialistutdanning. Kommunen søkjer Helsedirektoratet om tilskot til nasjonal ALIS avtale som vil kompensere for utgifter og tapte inntekter knytt til spesialiseringa for ALIS
  • Legesenteret har godt og fast samarbeid med sjukeheim, heimetjeneste, psykisk helse og rustjeneste, Nav og andrelinjeteneste ved Helse Møre og Romsdal
Arbeidsoppgåver:
  • Fastegeoppgåver med bakgrunn i gjeldande avtaleverk
  • Deltaking i kommunal/ interkommunal legevaktordning
  • Andre kommunale oppgåver kan kome til
Kvalikasjonar:
  • Gyldig legeautorisasjon utan avgrensingar
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Godkjend LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
  • Ønskje om oppstart spesialiseringsforløp ALIS - avtale eller det er starta opp. Kommunen legg tilrette for strukturert utdanningsløp med tildeling av retleiar og supervisjon i  samsvar med spesialistreglar
  • Erfaring frå allmennmedisin
  • Erfaring og evne til å samarbeide tverrfagleg
  • God kompetanse på digitale verkty
  • Krav om politiattest
Personlege eigenskapar:
  • Gode kommunikasjonseigenskapar og gode samarbeidsevner 
  • Evne til å ta initiativ, vere strukturert og arbeide sjølvstendig
  • Vere løysingsorientert og fleksibel
  • Evne til å skape gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du må vere trygg på deg sjølv, og i stand til å handtere uføreseielege situasjonar
  • Evne til å bidra positivt inn i endringsprosessar
  • Personlege eigenskapar og føresetnad for å vere skikka til jobben blir vektlagt
Vi tilbyr:
  • Om du ikkje er spesialist, vil kommunen tilby spesialiseringsløp i allmennmedisin med ALIS-avtale
  • Kommunen bidreg med økonomisk tilskot saman med midlar frå Helsedirektoratet, slik at lege kan fullføre spesialisering
  • Legar under spesialisering får 0 avtale som økonomisk kompensasjon under spesialisering
  • Gode kommunale tilskotsordningar til legesenteret og trygge økonomiske forhold
  • Tilbod om fastlønnsavtale med provisjon eller driftsavtale etter ynskje
  • Godt utstyrt legevaktsbil
  • Tilsettings- og lønnsvilkår. Konkurransedyktige lønsvilkår  i samsvar med til ei kvar tids gjeldande lovar, regelverk og reglement
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
 
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Hareid kommune
Kontaktperson
Navn: Monica Svoren
Tittel: Einingsleiar helse og koordinerande eining
Telefon: 92885795
E-post: monica.svoren@hareid.kommune.no
Arbeidssted
Hareid legesenter AS
Kjøpmannsgata 16
6060 HAREID