Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Har du eit brennande engasjement for faget onkologi?
Vil du vere med å bygge det beste laget?

Er du ein medisinstudent med lisens som er særs interessert i onkologi?

Vi har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan onkologi frå snarast og til 31.10.2023.
Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet.
Vurdering av tilsetjingar vert gjort fortløpande!

Vi oppfordrar også Medisinstudentar med lisens og/eller Legar med godkjent lisens som er særs interessert i faget onkologi til å søke. 

Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a:

  • Stråleterapieining
  • Sengepost, lindrande team og poliklinikk i Ålesund
  • Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
  • I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk.

Onkologi er eit svært spanande og variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar og teknikkar er i stadig utvikling. Onkologiske legar i vår seksjon er i dag delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/malignt melanom; brystkreft/thyroidea og stråleterapi.

Onkologi gir rike moglegheiter for forsking og det etablert eige forskingsutval i klinikken.

Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg. Hovudarbeidsstad blir i Ålesund.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stillinga.

Vil du lese meir om regionen vår, sjå Visit Ålesund

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapi
  • Deltaking i kliniske studier
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Noreg
  • Du har gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar
  • Det er ein fordel at du har godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Medisinstudentar må ha godkjent studentlisens og/eller Legar med lisens oppfordrast også til å søke
  • Du deler gjerne kunnskap med andre

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider sjølvstendig
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Eit framoverlent fagmiljø som er opptatt av å vere i front med nye behandlingsteknikkar
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Nils Eivind Skottner
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70106943
E-post: Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar kreftavdelinga Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund