Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som lege kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønskjer du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? Og har du samtidig eit ønskje om å forske på internasjonalt høgt nivå? I så fall bør du søkje på denne stillinga hos oss.

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi har eit variert og rikhaldig behandlingstilbod med to store generelle poliklinikkar, fire døgneiningar til langtidsbehandling, familieambulatorium, medikamentfritt terapeutisk samfunn, legemiddelassistert rehabilitering (LAR), heroinassistert behandling (HAB), eining for behandling under tvang, ambulant lavterskelbehandling for ungdom, akuttforløp med intoksbehandling, avrusing og stabilisering, for å nevne noko.

Vi har ikkje minst også eit sterkt og klinikknært forskingsmiljø kor vi bidrar med kunnskapsproduksjon på den internasjonale arena. Vi lukkast jamleg med å få eksterne forskingsmidlar til randomiserte kliniske studiar (RCT) og vi har gåande fleire PhD-løp for legar.

Minst 50% av stillinga er tildelt klinisk arbeid ved seksjon for legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og resten er tildelt forsking knytta til eit spesifikt forskingsprosjekt (BMX) som er integrert i dagleg klinisk praksis ved seksjonen. Formålet med denne randomiserte kontrollerte studien (RCT) er å undersøkje effekt og sikkerheit ved substitusjonsbehandling med føreskrevne benzodiazepiner hos pasientar i LAR med komorbide avhengigheitstilstandar (for detaljert informasjon om prosjektet, blir det vist til vedlagt prosjektbeskriving). I praksis, kan tida og andelen av klinisk og forskingsrelatert arbeid tilpassast kandidatens og avdelingas ønskjer og behov. Det er moglegheit for å søkje om eksterne PhD-midlar for å gå over til ein gradert eller full stipendiatstilling for å gjennomføre eller fullføre ein doktorgrad, før eller etter avslutta spesialitet.

Ein slik kombinert stilling er ein fin måte å begynne på for den som er interessert i forsking der ein får praktisk innføring i forskingsmetodar og eit forskingsfelt samtidig som man ikkje mister kontakten med klinisk verksemd og kan oppretthalde og vidareutvikle sin faglege kompetanse.

Avdelinga tilby eit hyggeleg og stimulerende klinisk- og forskingsmiljø å arbeide i. Bergen Addiction Research (BAR) har ansvaret for forskingsprosjektet og tilbyr rettleiing og tilknyting til eit aktivt og støttande forskingsmiljø som held høg internasjonal klasse og er organisert under AFR der det er tett samarbeid med klinikarar ved seksjon LAR der kandidaten skal ha sin arbeidsplass under tilsettingsperioden. 

Haukeland universitetssjukehus, avdeling for rusmedisin er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. Avdelinga har 14 godkjende spesialistar i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Er du i tvil? Søk likevel. Vi vil gjerne kome i dialog med deg! 

Arbeidsoppgåver

I tillegg til arbeid med det aktuelle forskingsprosjektet samt rettleiing og doktorgradsopplæring, vil arbeidsoppgåver knytta til den kliniske delen av stillinga ved seksjon LAR vere:

  • Poliklinisk utgreiing og behandling av samtidige rus- og avhengigheitslidingar, og psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeidande team og samarbeid med somatiske og psykiatriske avdelingar
  • Deltaking i inntaksarbeid og seksjonens legemøte

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring inkludert klinisk og forskingsrelatert erfaring
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det er krav at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med samansette sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønskjer legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Interesse for forsking, sjølvisiplin og strukturert arbeid

Vi tilbyr

  • Arbeidstid hovudsakleg på kvardagar 08.00 -16.00
  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Pia Kloster
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 41015858
E-post: pia.kloster@helse-bergen.no
Navn: Therese Marlen Svendsen
Tittel: Seksjonsleiar LIS
Telefon: 97873779
E-post: therese.marlen.svendsen@helse-bergen.no
Navn: Fatemeh Chalabianloo
Tittel: Seksjonsoverlege LAR/forskingsleiar
Telefon: 91 37 45 81
E-post: fatemeh.chalabianloo@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen