Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Voss sjukehus, Helse Bergen har ledig 2 stillingar for cand.med. Stillingane høver godt for lege som har fullført medisinstudiet og ventar på LIS1 teneste. Den eine stillinga er knytta til kirurgisk seksjon og den andre til ortopedisk seksjon. Stillingane er ledig frå snarast og til og med 31.08.23, eller etter avtale med avdelingsoverlege. 

Om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrking av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det fleire pasientar frå Bergen og andre kommunar i indre Sogn. 

Sjukehuset er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.

Sjukehuset er ein viktig læringsarena for både LIS1 og LIS2/3. Vi har eit godt kollegialt miljø og dagleg tverrfaglege samarbeid med andre profesjonar. Mange av oss er aktive i det unike idretts- og fritidsmiljøet på Voss.

Ortopedisk seksjon behandlar både elektiv ortopedi og ortopedisk traumatologi. Elektiv kirurgi omfattar mellom anna artroskopi i skulder/kne/ankel, fot- og ankelkirurgi, skulderkirurgi og protesekirurgi i hofte og kne.

Kirurgisk seksjon behandlar generellkirurgiske og gastrokirurgiske pasientar. Vi utfører gallekirurgi,  ulike typar tarmreseksjonar, fedmekirurgi, alle typar brokk og proktologiske tilstandar. I tillegg har sjukehuset akuttfunksjon innan traumatologi. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i utgreiing og behandling av kirurgiske eller ortopediske pasientar på sengepost
  • Samarbeide med ulike yrkesgrupper i sjukehuset
  • Polikliniske vurderingar og behandling
  • Assistere på operasjon og andre polikliniske prosedyrar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Kjennskap til Dips Arena, Orbit og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt 

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Det er ein fordel om du ynskjer å spesialisere deg i eit av desse fagfelta seinare

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg miljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Birger Norderud Lærum
Tittel: Assisterande direktør
Telefon: 56533500
Navn: Christer Kvelvane
Tittel: Avdelingsoverlege/ seksjonsoverlege kirurgi
Telefon: 56533500
Navn: Ove Haukenes
Tittel: Seksjonsoverlege ortopedi
Telefon: 56533500
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5700 Voss