Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
FASTLEGEVIKARIAT  
SAMNANGER KOMMUNE 
 
Samnanger kommune søker etter fastlegevikar i opptil 60% stilling ved Samnanger Helsetun, ca 40 minuttar køfri køyring frå Bergen. Stillinga er ledig frå snarast og til 01.09.23. Kommunen er svært fleksibel på stillingsprosent og vikariatet sin varigheit. Me søkjer etter spesialist i allmennmedisin, men kan også tilby god tilrettelegging dersom du ikkje er ferdig spesialist og ynskjer å fullføre spesialisering i allmennmedisin. Kommunen er registrert utdanningsverksemd og kan inngå ALIS-avtale med søkjar om ønskeleg. Vi kan også tilby 20-40% stilling på sjukeheim.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale. 
 
 
Legepraksisen ved Samnanger legekontor er veldrevet og innarbeida i eit triveleg helsesenter. Helsesenteret er samlokalisert med fysioterapeut, ergoterapeut, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor.  
På helsesenteret er det totalt 4 fastleger og 3 erfarne helsepersonell, der ein er sjukepleiar og to er helsesekretærar. Helsesenteret har eit velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timers BT-apparat og doppler. Ein nyttar journalsystemet Infodoc Plenario.   
 
Legevakt: 
Samnanger kommune har interkommunalt vaktsamarbeid med Bjørnafjorden kommune på kveld/natt og i helg. Legevaktstasjonen er lokalisert i moderne lokaler i Moberg, Os, og vert fordelt mellom legane i Samnanger og Os.  
Det er pr i dag lav vaktbelastning, med høve til fleire vakter om ein ønsker.   
Legevakt på dagtid, kvardager 08.00-16.00, vert delt mellom dei 4 legane ved Samnanger legekontor. Dagvakt vert lønna med fast timesats i tillegg til næringsinntekt. 
 
 
Arbeidsoppgåver: 
-Allmennlegeoppgåver i hht fastlegeforskriften 
-Heimelen har ein listelengde på 500 pasienter. 
-Dagvakt på legekontoret kvardagar 08.00-16-00 fordelast mellom legane  
-I utgangspunktet 3 kurative dager som fastlege  
-Fastlegevikariatet kan kombinerast med 20-40% på sjukeheim.  
 
Kommunen kan tilby:  
-Fastlegane har pr i dag 8.2-avtale og kommunen står for den totale drifta av legekontoret. Vikar vil ikkje ha utgifter til drift, uavhengig av driftsform.  
- Moglegheit for heimekontor 
- Stor grad av fleksibilitet når det gjeld varigheit av vikariatet og stillingsprosent. 
- Kommunen har ledig 20-40 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen som kan kombinerast med fastlegevikariatet. Sjukeheimen ligg 100 m frå legekontoret.  
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass. 
- Kommunen kan tilby vikaren anten fastlønn eller næringsinntekt. 
- Egne individuelle avtaler vil verta inngått med ALIS-kandidater med eks kompensasjon ved sjukefråver og fråver ifm spesialisering. 
- Fastløn  
  • inntil kr. 1.200.000,- pr. år etter kompetanse og erfaring. For særleg kvalifisert søkjar kan det gjerast individuelle avtalar 
  • Refusjon av kursutgifter som ikkje blir dekka av utdanningsfond II, og løn under fråvær for obligatorisk utdanning. 
  • Pensjonsordning i KLP 
 
 Kvalifikasjonar: 
 - Lege med norsk autorisasjon  
- Rett til trygderefusjon i Norge 
- Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt spesialisering 
- Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt 
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg 
- Førarkort  
- Godkjend politiattest, jfr helsepersonellova 
- Gode evner til samarbeid med kolleger og pasienter 
- Personlege eigenskapar vert vektlagt 
- Generelle datakunnskaper 
 
Det bes om at det i søknaden oppgis 2 referanser. 
Det krevst politiattest ved tilsendingar. 

Søknadar blir handsama fortløpande. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Legekontor
Kontaktpersoner
Navn: Edle Margrethe Nøss
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 56589100/90209108
E-post: edle.margrethe.noss@samnanger.kommune.no
Navn: Åse Waage Tveit
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 56589107 / 91641497
E-post: ase.waage.tveit@samnanger.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Søknad
Søknad merkes: Fastlegevikariat ledig snarast
Arbeidssted
Samnanger helsetun
Tyssevegen 108
5650 TYSSE