Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY 
-  Og her https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vi har ledig fast stilling som overlege - spesialist innan geriatri. 

Medisinske legar Volda er ein seksjon tilhøyrande Klinikk Volda med 10 stillingar for overlege og 10 stiilingar for LIS2 og 8 stillingar for LIS1. Vi har akuttfunksjonar og har slike greinspesialitetar/funkjsonar: gastroenterolog, kardiolog, endokrinolog, geriater, hematolog og lungespesialist.

Vi yter spesialisthelsetenester til Søre Sunnmøre og har omlag 50 000 innbyggjarar i opptaksområdet.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid på poliklinikk og sengepost
  • Supervisjon  og rettleiing av LIS
  • Internundervising
  • Deltaking i vaktteneste

Kvalifikasjonar

  • Godkjend spesialitet innan geriatri
  • Gode norkskunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Medverke til eit felles godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Miriam Wiksnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70058200
E-post: Miriam.Wiksnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda