Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering (LIS) med tilsetting frå snarast eller etter avtale.
Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Avdelinga består av 3 kliniske seksjonar; poliklinikk, avrusing og korttids døgnbehandling. I tillegg har avdelinga ein poliklinikk og ein langtids døgnbehandling lokalisert i Molde. Avdelinga tilbyr avrusing, utgreiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar.
Arbeidet som LIS omfattar vurderingar og behandling av avhengighetsproblematikk, men inkluderer også arbeid med psykiske utfordringar og somatikk. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg. Ålesund behandlingssenter har i dag 3 overlegar med spesialitet i rus- og avhengigheitsmedisin og 6 LIS-stillingar.
Stillinga vil gå inn i avdelinga si vaktordning for LIS, som per i dag er 6-delt. Den som blir tilsett vil følge program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i rus- og avhengighetsmedisin.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå meir på Visit Ålesund
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Mottak
- Medisinsk oppfølging og behandling av pasient
- Diagnostikk
- Medikamentvurderingar
- Utgreiingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
- Undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnustjeneste etter gammal ordning
- Det kan bli aktuelt med mellombels tilsetting for lege som ventar på turnus, dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til fast stilling.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å kunne arbeide tverrfagleg
- Fleksibel, positiv, ansvarsbevisst og endringsorientert
- Å vere personleg eigna vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår