Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Voss herad ynskjer å styrke fleire delar av vår kommunale legeteneste. Dette inkluderer, men er ikkje begrensa til, tilsyn
med pasientar på sjukeheimane våre, tilsyn med pasientar innlagd i KAD-sengane og deltaking i ein sentralisert
daglegevaktsteneste som er under etablering.
 
Fire yngre fastlegar er i dag knytt sjukeheimane og KAD-sengane våre, i mellom 20% og 50% stilling. Me ser etter deg
som kan vera deira mentor og veileder, eventuelt også veileder for andre LIS3 i kommunen.
 
Me søkjer etter deg som ynskjer ein fastløna og allsidig dagtidsstilling utan vaktbelastning på kveld og i helger, dog må
du gjerne delta i slikt legevaktsarbeid om du ynskjer. Du er ein erfaren klinikar, men ynskjer kanskje kvardagar som
ikkje er så travle og kvar du kan vera med å utforma mykje av kvardagen sjølv. Me både gir, men forventar også, ein stor
grad av fleksibilitet kva gjeld daglege arbeidsoppgåver.
 
Du er spesialist i allmennmedisin, indremedisin eller har ein anna relevant sjukehusspesialitet. Kandidatar til spesialiteten i allmennmedisin og som har unnagjort årene i uselektert allmennpraksis er også velkommen til å søkje. Dersom du er spesialist og ynskjer ein dag i veka med uselektert allmennpraksis for å ivareta spesialiteten kan me leggje til rette for det.
 
Arbeidsoppgåver
Tilsyn med sjukeheimspasientar
Tilsyn med pasientar i KAD-sengar
Veiledning av kollegaer
 
Event. anna kommunalt arbeid (helsestasjon, skulehelseteneste)
Moglegheit for ein dag i veka med kurativ allmennpraksis og daglegevakt
 
Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege
- Er spesialist i allmennmedisin, nærmar seg dette eller som er spesialist i en relevant sjukehusspesialitet
(indremedisin inkl. grenspesialiteter)
- Har særs gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Innehar førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar vil verta tungt vektlagt. Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
 
Me tilbyr
- gode forsikrings- og pensjonsordninga- for den rette søkjar kan me tilby gode lønsvilkår
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingeborg Hellesnes Uppheim
Tittel: Leiar
Telefon: 41704932
E-post: Ingeborg.H.Uppheim@voss.herad.no
Arbeidssted
Sjukehusvegen 15
5704 VOSS
Søk på stillingen