Kort om arbeidsgiver
Lyst å jobbe som fastlege under trygge rammer og fast løn?
 
Om stillinga
Me har 3 ledige fastløna fastlegestillingar på vårt flotte legesenter i Knutepunktet. Desse er nyleg omgjort frå privat næringsdrivande heimlar til fastløna stillingar. Stillingane er 100% med tiltreding frå 1. januar.
Listetak på 1000 pasientar, med nedjustering på 200-400 pasientar for andre kommunale oppgåve.
 
Me har også eit ledig vikariat frå midten av februar -23 med varighet til 29.02.2024. Stillinga er fordelt mellom 50% fastlege med ei liste på 500 pasienter, og 50% på institusjon.
 
Om du allereie er spesialist eller er i spesialisering vil du oppleva eit godt kollegialt samhald, tverrfagleg samarbeid, trygge rammer. Voss er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale).
Me tilbyr gode ALIS-forløp med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta.
 
Om arbeidsstaden
Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Til saman jobbar det 7 dyktige fastlegar der, 1 LIS1 lege, fire sjukepleiarar, 1 helsesekretær og ein sekretær.
Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem.
Til saman har Voss herad per i dag 19 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar.
Vaktbelastning er per dags dato ca. 3 - 4 vakter i månaden.
 
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste ved Voss legekontor. Ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt.
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
Kommunalt helsearbeid som arbeid ved sjukeheimar, flyktningsteneste, helsestasjonen og/eller i skulehelsetenesta må påreknast, 1-2 dagar per veke.
Løypande oppgåver knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid.
Inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss IKL.
 
Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege
- Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Innehar førarkort klasse B
-Legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon
 
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
 
Me tilbyr
- listetak p.t. på 1000 pasientar, men vil bli justert ned ved deltaking i andre kommunale oppgåver
- gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing
- Tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fastløn etter eigen kompetansestige med startløn på 1 million kr for leger som har fullført LIS1 teneste
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 94136967
E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no
Arbeidssted
Gurid Almenningensplass
5704 VOSS
Søk på stillingen