Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som legespesialist kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønskjer du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider og vaktbelasting er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? I så fall bør du søkje på denne stillinga hos oss.

Vi er allereie eit stort og godt legemiljø, men vi ønskjer og treng å bli fleire for å lukkast med store og spennande satsingar i åra som kjem. Derfor lyser vi nå ut 2 overlegestillingar. Vi søkjer spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller annan relevant spesialitet til å jobbe på rus- og avhengigheitsfeltet. Legar i spesialisering innan rus- og avhengigheitsmedisin kan også gjerne søkje.

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi har eit variert og rikhaldig behandlingstilbod med to store generelle poliklinikkar, fire døgneiningar til langtidsbehandling, familieambulatorium, medikamentfritt terapeutisk samfunn, legemiddelassistert rehabilitering (LAR), heroinassistert behandling (HAB), eining for behandling under tvang, ambulant lavterskelbehandling for ungdom, akuttforløp med intoksbehandling, avrusing og stabilisering, for å nevne noko.

Vi har ikkje minst også eit sterkt og klinikknært forskingsmiljø kor vi bidrar med kunnskapsproduksjon på den internasjonale arena. Vi lukkast jamleg med å få eksterne forskingsmidlar til randomiserte kliniske studiar (RCT) og vi har gåande fleire PhD-løp for legar. Nyleg blei vi for eksempel tildelt midlar til ein RCT på substitusjonsbehandling med amfetamin for behandling av personar med amfetaminavhengnad.

Fleire av behandlingseiningane våre treng styrking av ein engasjert og kompetent overlege. Det gjeld døgneiningar innan avrusing, stabilisering og lengre tids behandling, samt poliklinikkane og LAR. Behandlingseiningane ligg dels i sentrum, dels i ulike bydelar i Bergen kommune, og dels i tilgrensa kommunar, som Askøy og Øygarden.

I søknaden kan du gjerne nemne om det er nokre deler av desse fagområda som særleg appellerer til deg og om du har preferansar om arbeidssted. Vi kan då snakke meir om det i eit eventuelt intervju.

Er du i tvil? Søk likevel. Vi vil gjerne kome i dialog med deg!

Helsing legekollegiet i Avdeling for rusmedisin og avdelingsdirektør Christian Ohldieck, spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, somatisk- og psykiatrisk sjukdom
  • Samhandling og samarbeid med 1. og 2. linjetenesta
  • Deltaking i fagutvikling, rettleiing og undervising

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som er spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller anna relevant spesialitet
  • Den som blir tilsett må dokumentere norsk offentleg godkjenning (Norsk autorisasjon)
  • Det er krav om dokumentert kunnskap i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Søkjarar som har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar
  • Vi søkjer etter deg som har høgt fagleg nivå
  • Vi verdset gode samarbeidsevner på tvers av profesjon
  • Du er fagleg dyktig og har engasjement for vidareutvikling av fagområdet
  • Du er god til å rettleiie og lære opp mindre erfarne kollegaer i ein atmosfære med tryggleik, tillit og gjensidig respekt
  • Arbeidsmiljø er viktig hos oss. Det er derfor viktig at du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar. Du evner å verdsette kollegaers kompetanse og erfaring, og kan engasjere deg i gode faglege refleksjonar
  • Du er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon

Vi tilbyr

  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Moglegheit for deltaking i avdelingas heimevaktordning
  • Lønn i samsvar med tariff samt eit fast individuelt tillegg
  • Tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Christian Ohldieck
Tittel: Avdelingsdirektør
Telefon: 47318419
E-post: christian.ohldieck@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen
Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen
Søk på stillingen