Kort om arbeidsgiver
Vågå Kommune har ledig fastlegeheimel frå 1. mars 2023

Legekontoret har i tillegg til den ledige heimelen 3 erfarne allmennlegar i eit veldrive helsesenter. Alle er spesialistar i allmennmedisin. I tillegg halvårleg turnus med LIS1. Det er stabile, erfarne medarbeidarar på kontoret. Sjukepleiar, bioingeniør og helsesekretærar.

Stillinga innehar 100% fastlegeheimel, med pasientliste på inntil 950 pasientar Til stillinga ligg også  kommunal oppgåve som tilsynslege på sjukeheim. Sjukeheimen ligg rett ved sidan av helsesenteret.
Legesenteret ligg i moderne og velutstyrte lokalar, midt i Vågåmo sentrum, med laboratorie,  2 skiftestuer og akuttrom med nødvendig utstyr og medisinar, og eigen inn-/ utgang for ambulanse. Legekontoret er samlokalisert med skule- og helsestasjonstenesta, jordmor, kommunal Rus og psykisk helseteneste og fylkestannlege. Vi nyttar Info Doc som journalsystem og nyttar Convene betalingsterminal.

Vågå kommune tilbyr ei omfattande samarbeidsavtale som inneber at kommunen stiller med lokalar, utstyr, forbruksvarer, hjelpepersonell osb.   
Vi har interkommunalt legevaktsamarbeid saman med 5 andre kommunar. Legevakta er stasjonert på Lokalmedisinsk senter på Otta i Sel kommune.

Kommunen er viljug til å diskutere både kommunal tilsetting, privat praksis eller disse i kombinasjon.

Det er kommunen som eig heimelen pr. 01.03.2023.
 

Arbeidsoppgåver:
  • Fastlegeoppgåver
  • Kommunale oppgåver
  • Legevakt
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS1
  • Gode faglege kvalifikasjonar
  • Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt LIS3 er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Førarkort kl B
  • Politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar:
  • Gode kommunikasjonseigenskapar på norsk, munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Bidra til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering
  • Gode evner til tverrfagleg samarbeid
  • Personleg eignaheit vektleggast
Vi tilbyr:
  • Legevaktbil
  • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Behjelpeleg med å skaffe bustad
  • Tilrettelegging for fagleg oppdatering
 
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Liv Olasveen, e-post liv.olasveen@vaga.kommune.no eller på telefon 99 02 82 91/47 62 73 94

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 16.10.2022

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vågå kommune
Kontaktperson
Navn: Liv Olasveen
Tittel: Tenesteleiar Helse og rehabilitering
Telefon: 61 29 37 26 / 99 02 82 91
E-post: liv.olasveen@vaga.kommune.no 
Arbeidssted
Edvard stormsveg 2
2680 VÅGÅ
Søk på stillingen