Kort om arbeidsgiver

Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat i 100 % stilling for lege i spesialisering i nevrokirugi frå oktober 2022. Vikariatet har ei lengd på 6 månader med høve til forlenging. Primærvakt er for tida 7-delt døgnvakt. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Vi har har hovudansvaret for nevrokirurgisk verksemd i
Helse Vest RHF, og greier ut og behandlar pasientar med alle nevrokirurgiske tilstandar. Vi har regionsjukehus-ansvar for 1,1 millionar innbyggjarar og landsfunksjonar for stråleknivbehandling og behandling av
vestibularisschwannomer.

Nevrokirurgisk avdeling er samorganisert med Nevrologisk avdeling i Nevroklinikken. Avdelinga har 25 sengeplassar, kor 9 plassar er knytt til ein eigen overvakingseining.  Vi har to særs godt utstyrte operasjonsstover i tillegg til hybridstove, og gjorde om lag 2050 operasjonar i 2021. 

Avdelinga har stor forskingsaktivitet og mangeårig samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsgrupper, både innan klinisk og preklinisk forsking. 
Avdelinga har eit godt systematisert utdanningsløp med god veiledning.

Interesserte søkjarar kan finne meir informasjon i avdelingas utdanningsplan for spesialiteten nevrokirurgi: Meir info

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i alminneleg vaktturnus og arbeidsoppgåver for legar i spesialisering

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i nevrokirurgi
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner både tverrfagleg og interkollegialt på alle nivå i organisasjonen
  • Fleksibel og systematisk
  • Interesse og motivasjon for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande avtalar mellom Helse Bergen og Legeforeningen
  • Eit trygt arbeidsmiljø og god opplæring
  • Eit inspirerande og sterkt fagleg miljø 


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Rupavathana Mahesparan
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 55975640
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Nevrokirurgisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen