Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer etter ein allsidig og dedikert kirurg til spennande utfordringar innan fagfeltet plastikkirurgi.

Fagområde i seksjon kirurgiske legar Molde er plastikkirurgi, gastrokirurgi, urologi og generell kirurgi. Andre kirurgiske disiplinar i klinikken er ØNH, gynekologi, ortopedi, auge og kjevekirurgi. Molde sjukehus har eit  veldifferensiert radiologisk fagmiljø, indremedisinsk fagmiljø og ein stor anestesiseksjon.

I 2025 flytter vi inn i nytt sjukehus, sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset i Molde.

Molde er rosenes, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. 

 

Arbeidsoppgåver

Plastikkirurgisk seksjon vart etablert i 2019 i noverande form og har for tida 2 overlegar i 100% stilling og ein i 20% stilling. Seksjonen har knytt til seg LIS med vaktfritak. Seksjonen har følgjande hovedansvar i Helse Møre og Romsdal;

  • Rekonstruktiv bryst- og bløtvevskirurgi
  • Malignt melanom; Utvida excisjon ved behov for rekonstruksjon og SN-prosedyre. Det vert avholdt regelmessige MDT møter der onkolog, patolog, hudlege og plastikkirurg er til stades. Møtet skal supplerast med spesialist i radiologi.
  • Kroppsmodellerande kirurgi etter vekttap, brystreduksjonar/brystsymmetrisering, behandling av brannskadar og ei stor gruppe med non melanom hudkreft i samarbeid med hudlegar og ØNH legar.

Seksjonen samhandlar med:

  • ØNH, auge, gastrokirurgi, urologi og ortopedi på Molde sjukehus
  • Seksjon for bryst og endokrin i Ålesund for primære brystrekonstruksjonar og onkoplastisk brystbevarende kirurgi. Seksjonen tilbyr både implantatbaserte og autologe rekonstruksjonar.
  • Ytterlegare plastikkirurgisk operasjonsverksemd og samhandling med andre kirurgsike disiplinar ved sjukehuset i Ålesund vil bli gitt prioritet ved auka bemanning.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i plastikkirurgi med brei erfaring
  • Skandinavisk språkkunnskap på høgt nivå muntleg og skriftleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

  • Høge faglege ambisjonar.
  • Kollegial lojalitet i høve til kliniske vurderingar og indikasjonsstilling
  • Evne til både sjølvstendig klinisk arbeid og lagarbeid
  • Engasjement for undervisning og kvalitetsikrande tiltak i pasientbehandlinga
  • Interesse for pasientretta forsking
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og lagkjensle

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Gode muligheter for fagleg og personleg utvikling som plastikkirurg
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etteravtale, fleksibel stillingsprosent
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Overlegepermisjon etter DNLF avtale
  • Nytt sjukehus i 2025
  • Fantastisk natur med fjord og fjell
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ingrid Vasdal
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71120000
E-post: Ingrid.Vasdal@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for kirurgi og akuttmedisin Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde