Kort om arbeidsgiver

Avdeling for kreft, blodsjukdom og lindrande behandling (Kreftavdelinga), Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stillingar: 

  •  1 x 100% fast stilling for lege i spesialisering hematologi f.o.m snarast/ okt 2022
  •  1x 100% vikariat for lege i spesialisering onkologi f.o.m snarast/ okt 2022
  •  1x 100% vikariat for LIS/medisinerstudent med lisens

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og fjordane, og består av 13 senger og poliklinikk. Avdelinga har pasientar innan fagområda onkologi, hematologi og palliasjon

Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan hematologi gruppe 2-teneste. For fullstendige utdanningsløp har ein avtale internt for gruppe 2-teneste og eksternt for gruppe 1-teneste.

Det er ei gradvis utvikling mot sjølvstendig funksjon innan definert fagområde.
Avdelinga har fem LIS-stillingar herav tre innan onkologiogi. LIS inngår i femdelt vaktplan 16:00 - 19:00 mandag til fredag, og 09:00 - 14:00 helg og helligdagar.

Arbeidsoppgåver

  • Behandling og oppfølging av pasientar med kreftsjukdom, samt oppfølging av deira pårørande
  • Klinisk arbeid både ved sengepost og poliklinikk, som td. inn-/ utskrivingar, vurderingar, henvisningar og tilsyn

Kvalifikasjonar

  • Må kunne framlegge norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Kompetanse, inkl personlege eigenskapar, erfaring og ansiennitet vert vektlagt
  • Vi vil gjerne ha ein medarbeidar som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon. Må også kunne jobbe sjølvstendig
  • Fagleg interesse, er imøtekommande og behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk

Vi tilbyr

  • Du vil møte ei fagleg utfordrande avdeling
  • Kreftavdelinga har mål om høg fagleg kvalitet og godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+479 578 39 201
E-post: ingunn.solheim.teroy@helse-forde.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde