Kort om arbeidsgiver
Surnadal kommune har ledige vikariat for fastlegar slik:
- Vikariat i perioden 01.01.23 - 31.08.23.
- Vikariat i perioden 05.12.22 - 23.06.23.  
 
Kommunen har til saman 6 fastlegeheimlar og ein LIS1 ved Surnadal legesenter.
Legesenteret har fine funksjonelle lokale i sentrun av Surnadal og har tilknytt hjelpepersonell.
Som fastlege kan ein arbeide sjølvstendig næringsdrivande etter ein såkalla"nullavtale" (ASA 4310, pkt 8.2).
 
Arbeidsoppgåver
Surnadal kommune deltek i interkommunal legevaktordning lokalisert i Orkland kommune. Ein må pårekne 1-2 vakter i månaden, samt legevakt på dagtid ved Surnadal legesenter ca ein dag per veke.
Om ein vil er det mogleg å arbeide ekstra.
 
Kvalifikasjonar
Søkarar bør vere spesialist i allmennmedisin. Ikkje-spesialistar som er godkjent allmennlege, kan søkje dersom kriteria om overgangsordningar er tilstades.
Desse er omtala i "Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften)".
 Norsk autorisasjon som lege, rekvisisjonsrett, refusjonrett frå Helfo og norskkunnskapar på høgt nivå er påkrevd.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.
 
Vi tilbyr gode arbeidsforhold, fine arbeidslokale og trivelege kollegaer. Vi kan hjelpe med å skaffe bolig. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Gunhild Eidsli
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 97174856
Navn: Gunn Eline Børmark
Tittel: Surnadal legesenter
Telefon: 99418204
Arbeidssted
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL