Kort om arbeidsgiver

I medisinsk klinikk, Haugesund sjukehus, er det ledig 1 fast stilling som lege i spesialisering  med oppstart 01.10.2022 og 1. vikariat med oppstart 01.12.2022.
Tilsetting av intern søkjar kan utløyse ledige vikariat stillingar. Stillinga inneber deltaking i medisinsk bakvakt og gjennomført turnusteneste/LIS1-teneste er eit krav. 
I fråvær av kvalifiserte kandidatar, kan det være aktuelt å tilsetje LIS utan gjennomført LIS1-teneste, men då etter individuell avtale og utan vaktteneste.

Medisinsk avdeling inkluderer Hjerte- og lungeavdeling, Avdeling for eldremedisin, Medisin A og Medisin B. Avdelinga er godkjend som utdanningsavdeling for generell indremedisin, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi, nyremedisin, endokrinologi, geriatri og blodsjukdomar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Delta i tilstedevakt, pt. 16-delt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant erfaring frå LIS-stilling på sjukehus blir vektlagd.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Evne til å ta sjølvstendige avgjersler

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn etter gjeldande overeinskomst

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Borghild Aakra
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 48159445/90939871
E-post: borghild.aakra@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk klinikk, Helse Fonna HF
Karmsundsgt 120
5528 Haugesund
Søk på stillingen