Kort om arbeidsgiver

Som ein del av Helse Bergen si satsing på Fagleg integrasjon psykisk helsevern og rusmedisin blir det oppretta eit spesialisert behandlingstilbod til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar.

ROP-eininga er ein sengepost som skal gi tilbod som inkluderer avrusing, stabilisering, utgreiing og behandling til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. ROP-pasientane sin tilstand kan ofte karakteriserast som kronisk med svingande forløp, samstundes som stabile behandlingsrelasjonar er viktig. Dei fleste vil også ha behov for kommunale tenester, og god samhandling med kommunane blir derfor ei sentral oppgåve. Å utvikle gode overgangar mellom ulike fasar i behandlingsforløpa er vesentleg, mellom anna kontakt med pasientar og samarbeidspartnarar både før og etter innlegging i døgnposten. Teamet rundt pasienten skal arbeide recovery-orientert med ein heilskapleg tilnærming til pasientens kvardag der man er opptatt av bustad, arbeid og ei meiningsfull fritid. Rettleiing og kompetansebygging overfor andre blir også ein vesentleg del av oppgåvene, både i høve til andre einingar i spesialisthelsetenesta, og overfor kommunane. Den faglege profilen til sengeposten vil ha fokus på integrert behandling der pasienten får oppfølging for både sin rusavhengigheit og psykiske liding av same team. Fokus på somatisk helse og levevanar vil også vere ein svært viktig del av behandlinga. 

Sjå nettsida vår www.helse-bergen.no/rop for meir informasjon om ROP-eininga og ROP-forløp i Helse Bergen.

Einiinga vil vere lokalisert i Dr. Martens bygget på Sandviken-området og er ein del av Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk er ein arbeidsplass med vel 750 tilsette som tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.  

ROP-eininga skal starte drift i januar 2023 og i den samband søkjer vi etter ein dyktig psykiatar/spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin i fast stilling med oppstart seinast 01.12.2022. Som overlege ved ROP-eininga vil du få sjanse til å gi pasientgruppa eit mer heilskapleg tilbod. Vi inviterer deg som er den engasjerte overlegen til å ta samarbeidet mellom psykisk helsevern, avdeling for rusmedisin, DPS-a og dei kommunale tenestene eit viktig steg vidare. Du ønskjer å ta aktiv del i oppbygginga av dette nye tilbodet i lag med andre gode kollegaer og vil bidra med eit engasjert blikk og konstruktive innspel. Saman med behandlar- og leiargruppen av ROP-eininga vil du utgjere kjerneteamet i arbeidet. Her får du sjansen til å arbeide både direkte med pasientane i heilskaplege pasientforløp, samt å arbeide meir utoverretta med rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.     

Arbeidsoppgåver

  • Behandlaransvar i heilskaplege pasientforløp  
  • Utreiing av rus- og psykiske lidingar  
  • Rettleiing med interne og eksterne samarbeidspartnarar 
  • Samarbeide med ansvarsgruppene rundt pasienten 
  • Handtere tvang i samsvar med lovverket 
  • Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap 
  • Utreiing av somatisk helse, kartleggjing av levevanar og motivere pasienten for livsstilsendring  
  • Medisinsk behandling av pasientenes rus- og psykiske lidingar, og somatiske tilstandar i samråd med pasientens fastlege og spesialisthelsetjenesten for øvrig 

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri og/eller spesialist i rus- og avhengighetsmedisin 
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta 
  • Erfaring frå klinisk arbeid med ROP-pasientar 
  • Erfaring frå tverrfagleg  samarbeid internt og eksternt 
  • Erfaring med døgnbehandling 
  • Erfaring med forbetringsarbeid 

Personlege eigenskapar

  • Du er prosess- og løysingsorientert 
  • Du skapar gode relasjonar og samhald 
  • Du er  inkluderande og involverande 
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar 
  • Du arbeider planmessig og strukturert 
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet

Vi tilbyr

  • Bidra til å utvikle ei ny retning og gi eit nytt tilbod til ROP-pasientar i eit tett samarbeid mellom psykisk helsevern, Avdeling for rusmedisin, kommunane og dei lokale DPS-a 
  • Kompetanseplan med vekt på valdsrisiko, traumeforståing, kognitiv miljøterapi, Motiverande intervju og kunnskap om rus- og psykiske lidingar 
  • Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar. 
  • Krevjande og spennande arbeidsoppgåver 
  • Moglegheit for å inngå i 21-delt bakvaktsordning ved Psykiatrisk klinikk  
  • Lønn etter avtale 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Roger Atle Wæhle Kårstad
Tittel: Prosjektleiar
Telefon: 95823336
E-post: roger.atle.wehle.karstad@helse-bergen.no
Navn: Gunn-Vivian Eide
Tittel: Overlege
Telefon: 92417256
E-post: gunn-vivian.eide@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Hatleveien 7D
5038 Bergen