Kort om arbeidsgiver

Har du eit brennande engasjement for faget onkologi?

Vil du vere med å bygge den beste klinikken?

Vi har ledig eit vikariat for Lege i spesialisering onkologi frå 01.10. 2022 - 31.08.2023.

I tillegg har vi ledig eit vikariat frå 17.10.2022 - 16.10.2023. For begge stillingane evt. oppstart etter nærare avtale. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariata.

Vurdering av tilsetjingar vert gjort fortløpande!

Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a

  • Stråleterapieining
  • Sengepost, lindrande team og poliklinikk i Ålesund
  • Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
  • I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som del av vår klinikk

Onkologi er eit variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar er stadig under utvikling. Onkologiske legar er p.t. delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/malignt melanom; brystkreft/thyroidea og stråleterapi. Onkologi gir rike moglegheiter for forsking og det er eige forskingsutval i klinikken. Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.

Hovudarbeidsstad blir i Ålesund. Vil du lege meir om regionen vår, sjå Visit Ålesund.

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapi.
  • Deltaking i kliniske studier
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Noreg.
  • Du har gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du deler gjerne kunnskap med andre.
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar.
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø.
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider sjølvstendig.
  • Du er ansvarsbevisst.
  • Du har gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Gunnar Indrebø
Tittel: Overlege onkologi
Telefon: 99701636
E-post: Gunnar.Indrebo@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund