Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig ei 100% fast stilling som overlege ved Auge Ålesund!

Seksjon for Auge er ein av sju seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag fire overlegar, fire LIS, ein ortoptist og ein optiker.
Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 128 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.
For å sikre eit robust og godt fagmiljø ønsker vi å styrke teamet vårt med fleire overlegar.

Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?
Send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!

 Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!

Arbeidsoppgåver

  • 5 delt vaktordning
  • Ta del i poliklinikk og operasjonsstove
  • Halde undervisning for kollegaer og sjukepleiegruppa
  • Supervisjon av LIS

Kvalifikasjonar

  • Spesialistgodkjenning innan oftalmologi /augesjukdommar
  • Meistre skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til samarbeid
  • Du har ei positiv innstilling
  • Du har eit stort engasjement for pasientar og oftalmologi
  • Du er fleksibel
  • Du liker å undervise
  • Du har kirurgisk kompetanse
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Veldig godt arbeidsmiljø, med svært engasjerte og positive kollegaer
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Karoline Roald Skjong
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105855
E-post: Karoline.Roald.Skjong@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
AUGE ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund
Søk på stillingen