Kort om arbeidsgiver

Avdeling for akuttmedisin, Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat for LIS 2/3 anestesi i eit to års periode frå 19.09.2022. 
Tiltreding snarleg etter avtale. 

Avdeling for akuttmedisin har 16 overlegar og 8 LIS 2/3 ved avdelinga. 

Arbeidsoppgåver

  • LIS 2/3 anestesiologi får utdanning og supervisjon på anestesi og intensiv ved Førde sentralsjukehus
  • Dei deltek i alle dei daglege aktivitetane ved anestesiavdelinga sin legeseksjon inne på sjukehuset
  • I tillegg går LIS 2/3 6-delt forvakt
  • Undervisningsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Godkjend norsk autorisasjon som lege. Norsk turnusteneste er ein fordel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Arbeidserfaring frå fagfelt som er tellande for sideutdanning i anestesi vil bli vektlagt saman med ferdigheter/kompetanse knytt til utøvelse av anestesifaget.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Utvise god vurderingsevne, og kunne arbeide strukturert og målretta
  • Interesse og motivasjon for fagfeltet. Inkluderer blant anna motivasjon for å utvikle kommunikasjon og å ha ei viktig rolle i akkuttmedisinsk teamarbeid.
  • Gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga. 
  • Oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Følgjer opp delegerte oppgåver
  • Innsikt i eigne forutsetningar og kompetansenivå, ber om hjelp når det er nødvendig
  • Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra aktivt til fagleg utvikling, opplæring og undervisning ved avdelinga

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø i ei avdeling med sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Engelsk
  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Gregers Halvorsen
Tittel: Seksjonsleiar AAM legar Førde
Telefon: (+47) 918 80 015
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for akuttmedisin, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde