Kort om arbeidsgiver
 

Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet) psykiatri, og medisinsk service (inkl. akutt, radiologi, klinisk kjemi og patologi).

Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, smittevern, rehabilitering, lærings- og meistringssenter og geriatrisk eining. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nyresjukdommar, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, blodsjukdommar, endokrinologi og geriatri. Innan indremedisin har me 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.

Haugesund sjukehus har no ledig fast overlegestilling i endokrinologi, frå oktober 2022. Om det ikkje melder seg søkjarar som er/kan bli spesialist i endokrinologi, kan det vera aktuelt å tilsteja overlege i indremedisin.
Fagområdet endokrinologi er organisert i Medisin avdeling B, saman med infeksjon.
Sengeposten har åtte sengeplasser til endokrinologi og infeksjon.
Endokrinolog deltar i sengepostteneste saman med indremedisinar/infeksjonslege.
Majoriteten av innlagde pasientar i sengeposten, er infeksjonspasientar eller generell indremedisin. Endokrinologiske pasientar høyrer naturlegvis til i sengeposten, men omfanget er mindre.
Hovudaktiviteten for endokrinologi, føregår ved medisinsk polikinikk, i tett og godt samarbeid med dyktige diabetessjukepleiarar, pr no tre stillingar. Det er høg aktivitet i poliklinikken og stort fokus på kompetanse vedkommande teknisk utstyr og pasientopplæring .I poliklinikken møter me, i tillegg til diabetes-pasientar, eit stort omfang av endokrinologiske problemstillingar..
Endokrinolog samarbeider med gynekolog ein dag pr veke, i felles poliklinikk ved Fødeavdeling, diabetes i svangerskap.
Pr no , har me ein LIS3 Endokrinologi, og det er høve til fleire LIS3-stillingar. For øvrig har me pr no ein endokrinolog i 100% stilling, ein i delstilling 20%, og ein indremedisinar med lang erfaring og kompetanse i endokrinologi, i 100% stilling.
Internundervisning endokrinologi føregår vekentleg, i tillegg til felles diabetesundervisning med diabetessjukepleiarar. Regelmessige MDT-møte felles i Helse Vest (Binyre og hyopoyfse)

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk teneste på sengepost og i poliklinikk.
  • Deltaking i felles indremedisinsk overlegevakt, for tida 15 delt, kan forhandlast eller individualiserast

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og endokrinologi 
  • Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning er velkomne til å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege i endokrinologi som ønsker å arbeide tett på pasientane og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø. 
  • Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt. 
  • Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale. 
  •  Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
  •  Legger til rette for og prioriterer forskning og utvikling.  

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Borghild Aakra
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 48159445
E-post: borghild.aakra@helse-fonna.no
Navn: Lise Berit Bruntveit
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 48140917
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Klinikk for medisin Haugesund og Odda, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND