Kort om arbeidsgiver

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Ålesund, er ei vel differensiert avdeling med 2 MR, 2 CT, 3 ultralyd, konvensjonell radiologi inkl. intervensjonsradiologi, brystdiagnostikk, samt nukleærmedisin med SPECT/CT og PET/CT. Både avdelinga, og sjukehuset ellers, har eit inkluderande og aktivt LIS-miljø

Vi har no ledig vikariat for lege i spesialisering i perioden 17.10.2022 - 16.10.2023
Ved ev. intern tilsetting, kan anna vikariat bli ledig.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må skannast som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • 8-delt tilstadesvakt, med overlege i bakvakt.
  • Den som blir tilsett skal følgje program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i radiologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling og forskningskompetanse vil bli vektlagt
  • Gode norskkunnskapar, for muntleg og skriftleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

  • Vere arbeids- og lærevillig
  • Kunne medvirke til eit godt arbeidsmiljø
  • Kunne trivast med teamarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jenni Mari Hildre Dimmen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70105536
E-post: jenni-mari.dimmen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund