Kort om arbeidsgiver

Vi har no ledig fast 100% stilling som overlege, spesialist i psykiatri tilknytta ein av våre døgnseksjonar. Avdeling stemningslidingar har over tid bygd opp avdelinga og du vil no jobbe i lag med høgkompetente og særs trivelege kollegaer som ønskjer å stå i lag og støtte kvarandre. På behandlarsiden vil du på seksjonen jobbe tett i lag med annan overlege og to psykologar. Det vil til ein kvar tid vera LIS1 og LIS3 tilknytta seksjonen. Du vil også få tett oppfølging, fagleg støtte og jobbe i lag med avdelingsoverlegen som har det overordna medisinskfaglege ansvaret på våre to døgnseksjonar.

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar i tillegg til ein spesialisert poliklinikk som mellom anna gir tilbod om avansert psykofarmakologisk behandling, TMS og nevropsykologisk utgreiing. Våre seksjonar gir også behandling av bipolar mani ved hjelp av virtuell mørketerapi.

Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein av seks avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er lokalisert på Sandvikenområdet. Øvrige avdelingar i psykiatrisk klinikk er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS), Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin. 

Som psykiatar ved avdeling stemningslidingar vil du ha gode vilkår for kompetanseutvikling og forsking i samarbeid med Forskingseininga.  

Stillinga er ledig etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med hovudsakleg affektive lidingar
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Rettleiing av LIS
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Ønskjeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med stemningslidingar
  • Fordel med erfaring fra sjukehusnivå
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av samarbeid
  • Du bryr deg om dine kollegaer
  • Du er fleksibel
  • Du bidrar aktivt til eit god arbeidsmiljø
  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du har engasjement for pasientgruppa/fagfeltet og ønskjer å vidare utvikla kompetansen din

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved avdeling stemningslidinar
  • Fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesiallstforum og kasuistikkar
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Jan Alexander Steier
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55958533
Navn: Knut Olaf Skårdalsmo
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958774
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling stemningslidingar, Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 Bergen