Kort om arbeidsgiver

Haugesund sjukehus har bygd ny Sydvest-blokk. Ein viktig del av dette er heilt nye lokale for Mottaksavdelinga og dette inneber ei stor omlegging av drifta. Det er mellom anna satsa på overlegekompetanse i akuttmottak, samarbeid somatikk og psykisk helsevern, samhandling med førstelinjetenesta og betre og raskare pasientforløp. Mottaksavdelinga mottar om lag 1800-2000 pasientar per månad. Ein stor andel av desse er polikliniske pasientar, mykje skadepasientar, men det er og eit ønske om at flest mogleg andre pasientgrupper kan polikliniserast.

 

For å betre overlegekompetansen i akuttmottak har ein fått to overlegestillingar, og det er ein av desse som no er ledig. Primært ønskjer vi overlege i akutt- og mottaksmedisin, men alle legar med interesse for arbeid i akuttmottak kan søkje. 

Dette vil innebere relevante kurs og gruppe 1- teneste på eit sjukehus som er godkjente for spesialisering i dette. Dette vil selvfølgelig bli dekka av avdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til supervisjon og assistanse av avdelingane sine vaktlag, triagering av pasientar saman med sjukepleierane, augeblikkeleg hjelp- poliklinikk, samhandling med førstelinjetenesta, opplæring og simuleringsøvingar, og å bidra i fagleg vidareutvikling av avdelinga. Stillinga er fagleg spennande og inneber stor grad av samarbeid med alle avdelingar i sjukehuset, samt med fastlegar og legevaktar i distriktet. Vi har fleire etablerte team: medisinsk akutteam, slagalarm, traumealarm, barnealarm og hjartestans.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjelig at tilsette overlege anten vil vere spesialist eller i løpet av få år ha et ønskje om å kunne bli spesialist i akutt- og mottaksmedisin innan 1-3 år.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege som ønskjer å vere med på å vidareutvikle Mottaksavdelinga i nytt sjukehusbygg.
  • ein må ønske å arbeide tett på pasientane og samtidig ha ei koordinerande rolle i akuttmottaket.
  • Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt og personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med høyt fagleg nivå
  • Ein arbeidshverdag der ingen dag er lik

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Annelin Voraa Steinsnes
Tittel: Avdelingsleder
Telefon: 91191012
E-post: annelin.voraa.steinsnes@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Mottaksavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund