Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer deg som vil jobbe som rådgjevande overlege i NAV region Sunnhordland.
NAV ynskjer å fremje godt samarbeid med fastlegar og resten av helsevesenet. Vi søkjer derfor ein lege med engasjement og interesse for samfunnsmessige og trygdemedisinske spørsmål, og for NAV som samfunnsaktør. Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode, og den rådgjevande legetenesta har ei viktig rolle i å fremme dette perspektivet. Dette gir spanande utfordringar innafor NAV sine visjonar og mål. 
NAV er ein lærande organisasjon i stadig utvikling, og vi har stort fokus på inkluderingsarbeid, marknadsarbeid og relasjons- og kommunikasjonsarbeid.  Den rådgjevande legetenesta i NAV skal stø under verksemda si strategi, der hovudmåla  er «Fleire i arbeid», «Betre brukarmøte» og «Påliteleg forvaltning». NAV sin visjon er «Vi gir menneske moglegheiter». Du bør identifisere deg med desse måla og visjonen samt med verdiane våre om å være tydeleg, til stades og løysingsdyktig. 
Legetenesta er integrert i dei ni regionane i NAV Vestland. Den utlyste stillinga dekkjer heile region Sunnhordland (Stord, Bømlo, Kvinnherad, Sveio, Fitjar og Tysnes).  Kontorstad vil vere ved eit av lokalkontora i regionen. Ein del av arbeidstida vil vere på dei øvrige kontora i regionen, så noko reiseaktivitet må påreknast. I tillegg er det ein del digital møteverksemd. Du vil ha eigen fagleg leiar i fylket (koordinerande rådgjevande overlege)  og delta i faste faglege møter med dei andre rådgjevande legane i NAV Vestland.
Hvis du er interessert i 100 % stilling kan det vere aktuelt å inngå samarbeid med nokon av kommunane i regionen om å fylle resterande 40 %. Dette kan eventuelt diskuterast nærare.

Arbeidsoppgåver
  • Rettleiing og rådgjeving i enkeltsaker for rettleiarar og andre medarbeidarar i NAV
  • Kompetanseoverføring internt
  • Kompetanse- og tenesteutvikling
  • Samarbeid med lokalt og regionalt helsevesen (fastlegane og spesialisthelsetenesta) 
  • Samfunnsopplysing om tema trygdemedisin
Kvalifikasjonar
Du må ha: 
  • Norsk autorisasjon som lege (cand.med.) uten avgrensing
  • God digital kompetanse, og vere fortruleg med bruk av ulike elektroniske samhandlings- og saksbehandlingsløysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi ønskjer at du har:
  • Relevant spesialitet (allmennmedisin, arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin, psykiatri), evt. påbegynt løp for spesialisering
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå allmennpraksis
Personlege eigenskaper
Vi ser etter deg som:
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Arbeider målretta, nøyaktig og effektivt
  • Har gode evner til å arbeide sjølvstendig og samarbeide tverrfagleg med andre legar og tilsette utan medisinsk utdanning
  • Har gode pedagogiske evner/erfaringar (god på formidling)
  • Har evne og vilje til å tileigne deg nye ferdigheiter og kunnskap
  • Har engasjement for det samfunnsmedisinske fagfeltet
Vi tilbyr
  • Krevjande, spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Deltaking i landsdekkande nettverk for rådgjevande legar i NAV
  • Tilsetting i stillingskode 1250 rådgjevande overlege med lønsspenn frå kr. 850 000 til kr. 919 700 per år (i 100 % stilling). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
  • Trening i arbeidstida
  • Arbeidstid på 36 timer per veke i full stilling
  • Moglegheit for fagleg utvikling gjennom utdanningspermisjon med løn, jf. særavtale om arbeidsvilkår for rådgjevande legar i NAV
Dersom du er interessert i 100 % stilling kan det vere aktuelt å inngå samarbeid med nokon av kommunane i regionen om å fylle dei resterande 40 %. Dette kan eventuelt diskuterast nærare.
Kontaktinformasjon

Håvard Lægreid, Regionleiar NAV region Sunnhordland, 90087622, havard.legreid@nav.no

Kristin Buhaug, Koordinerande rådgivande overlege, 90950359, kristin.buhaug@nav.no

Arbeidsstad
Bandadalsplassen
5411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV

Referansenr.:4548880144
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 11.09.2022
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
NAV
Kontaktpersoner
Navn: Håvard Lægreid
Tittel: Regionleiar NAV region Sunnhordland
Telefon: 90087622
E-post: havard.legreid@nav.no
Navn: Kristin Buhaug
Tittel: Koordinerande rådgivande overlege
Telefon: 90950359
E-post: kristin.buhaug@nav.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
NAV region Sunnhordaland
Bandadalsplassen
5411 STORD