Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer etter rådgjevande overlege for arbeid i NAV regionane i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Stillingsprosent kan tilpassast mellom 60 og 100%. 
NAV ynskjer å fremje godt samarbeid med fastlegar og resten av helsevesenet. Vi søkjer derfor legar med engasjement og interesse for samfunnsmessige- og trygdemedisinske spørsmål, og for NAV som samfunnsaktør. Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode, og den rådgjevande legetenesta har ei viktig rolle i å fremje dette perspektivet. Dette gir spanande utfordringar innafor NAV sine visjonar og mål. 

NAV sin visjon er «Vi gir menneske moglegheiter». Den rådgjevande legetenesta i NAV skal stø under verksemda sin strategi, der hovudmåla  er "Fleire i arbeid", "Betre brukarmøte" og "Påliteleg forvaltning". Du bør identifisere deg med desse måla og visjonen samt med verdiane våre om å være tydeleg, til stades og løysingsdyktig.
NAV Vestland er organisert i ni regionar. NAV Sunnfjord er regionkontor for region Sunnfjord. Regionen består av NAV kontora i Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad.
Du vil bli tilsett med regionleiar i Sunnfjord som nærmaste leiar, og ha tverrfagleg tilknyting i regionen. Legetenesta i NAV Vestland er integrert i regionane og dei to utlyste stillingane dekkjer regionane Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Ein del av arbeidstida vil vere i NAV-kontor, så noko reising i regionen må påreknast. I tillegg er det ein del digital møteverksemd. Du vil ha eigen fagleg leiar i fylket (koordinerande rådgjevande overlege)  og delta i faste faglege møter med dei andre rådgjevande legane i NAV Vestland.

Arbeidsoppgåver
  • Rettleiing og rådgjeving i enkeltsaker for rettleiarar og andre medarbeidarar i NAV
  • Kompetanseoverføring internt
  • Kompetanse- og tenesteutvikling
  • Vere ein aktør i samarbeid med lokalt og regionalt helsevesen; fastlegane og spesialisthelsetenesta
  • Samfunnsopplysing om tema trygdemedisin
Kvalifikasjonar
Du må ha: 
  • norsk autorisasjon som lege (cand.med.) uten avgrensing
  • god digital kompetanse, og vere fortruleg i bruk av ulike elektroniske samhandlings- og sakshandsamingsløysingar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi ønskjer at du har:
  • relevant spesialitet; allmennmedisin, arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin, psykiatri, evt. påbegynt løp for spesialisering
  • erfaring frå allmennmedisinsk praksis
  • førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • arbeider målretta, nøyaktig og effektivt
  • har gode evner til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg med andre legar og tilsette utan medisinsk utdanning
  • har gode pedagogiske evner
  • har evne og vilje til å tileigne deg nye ferdigheiter og kunnskap
  • har engasjement for det samfunnsmedisinske fagfeltet
Vi tilbyr
  • Krevjande, spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Deltaking i landsdekkande nettverk for rådgjevande legar i NAV
  • Statlig tilsetting i stillingskode 1250 rådgjevande overlege med lønsspenn frå kr. 850 000,- til kr. 919 700,- per år
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
  • Arbeidstid på 36 timer per veke i full stilling
  • Moglegheit for fagleg utvikling gjennom utdanningspermisjon med løn, jf. særavtale om arbeidsvilkår for rådgjevande legar i NAV
Vi er og kjende med at det også er behov for deltids legestillingar i Sunnfjord kommune, så det kan vere moglegheiter for kombinasjonsstillingar.
Kontaktinformasjon

Kristin Buhaug, Koordinerande rådgjevande overlege , 909 50 359, Kristin.Buhaug@nav.no

Magne Kjetil Berg, Leiar NAV Region Sunnfjord, 992 41 911, Magne.Kjetil.Berg@nav.no

Arbeidsstad
Hafstadvegen 40
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV

Referansenr.:4556345373
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2023
Søknadsfrist: 18.09.2022
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
NAV
Kontaktpersoner
Navn: Kristin Buhaug
Tittel: Koordinerande rådgjevande overlege
Telefon: 90950359
E-post: Kristin.Buhaug@nav.no
Navn: Magne Kjetil Berg
Tittel: Leiar NAV Region Sunnfjord
Telefon: 99241911
E-post: Magne.Kjetil.Berg@nav.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
NAV region Sunnfjord // NAV Sunnfjord
Hafstadvegen 40
6800 FØRDE