Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer deg som vil jobbe som rådgjevande overlege i NAV region Nordhordaland.
NAV ynskjer å fremje godt samarbeid med fastlegar og resten av helsevesenet. Vi søkjer derfor legar med engasjement og interesse for samfunnsmessige- og trygdemedisinske spørsmål, og for NAV som samfunnsaktør. Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode, og den rådgjevande legetenesta har ei viktig rolle i å fremje dette perspektivet. Dette gir spanande utfordringar innafor NAV sine visjonar og mål. 

NAV sin visjon er «Vi gir menneske moglegheiter». Den rådgjevande legetenesta i NAV skal stø under verksemda sin strategi, der hovudmåla  er "Fleire i arbeid", "Betre brukarmøte" og "Påliteleg forvaltning". Du bør identifisere deg med desse måla og visjonen samt med verdiane våre om å være tydeleg, til stades og løysingsdyktig.
Legetenesta i er integrert i dei ni regionane i NAV Vestland. Den ledige stillinga dekkjer region Nordhordaland, som består av NAV kontora i NAV Alver, NAV Osterøy, NAV Solund og NAV Fensfjorden. Arbeidsstad vil vere ved NAV Alver som er lokalisert i Knarvik. Ein del av arbeidstida vil vere i NAV-kontor, så noko reising må påreknast. I tillegg er det ein del digital møteverksemd. Du vil ha eigen fagleg leiar i fylket (koordinerande rådgjevande overlege)  og delta i faste faglege møter med dei andre rådgjevande legane i NAV Vestland.

Arbeidsoppgåver
  • Rettleiing og rådgjeving i enkeltsaker for rettleiarar og andre medarbeidarar i NAV
  • Kompetanseoverføring internt
  • Kompetanse- og tenesteutvikling
  • Vere ein aktør i samarbeid med lokalt og regionalt helsevesen; fastlegane og spesialisthelsetenesta
  • Samfunnsopplysing om tema trygdemedisin
Kvalifikasjonar
Du må ha: 
  • norsk autorisasjon som lege (cand.med.) uten avgrensing
  • god digital kompetanse, og vere fortruleg i bruk av ulike elektroniske samhandlings- og sakshandsamingsløysingar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi ønskjer at du har:
  • relevant spesialitet; allmennmedisin, arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin, psykiatrierfaring frå allmennmedisinsk praksis, evt. påbegynt løp for spesialisering
  • førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • arbeider målretta, nøyaktig og effektivt
  • har gode evner til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg med andre legar og tilsette utan medisinsk utdanning
  • har gode pedagogiske evner
  • har evne og vilje til å tileigne deg nye ferdigheiter og kunnskap
  • har engasjement for det samfunnsmedisinske fagfeltet
Vi tilbyr
  • Krevjande, spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Deltaking i landsdekkande nettverk for rådgjevande legar i NAV
  • Statlig tilsetting i stillingskode 1250 rådgjevande overlege med lønsspenn frå kr. 850 000,- til kr. 919 700,- per år
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
  • Arbeidstid på 36 timer per veke i full stilling
  • Moglegheit for fagleg utvikling gjennom utdanningspermisjon med løn, jf. særavtale om arbeidsvilkår for rådgjevande legar i NAV
Kontaktinformasjon
Emilie Pons, Personalleiar Rådgivande overleger NAV region Bergen, 455 17 120, emilie.pons@nav.no

Kristin Buhaug, Koordinerande rådgjevande overlege NAV Vestland, 909 50 359, kristin.buhaug@nav.no

Arbeidsstad
Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV

Referansenr.:4540751792
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2022
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
NAV
Kontaktpersoner
Navn: Emilie Pons
Tittel: Personalleiar Rådgivande overleger NAV region Bergen
Telefon: 45517120
E-post: emilie.pons@nav.no
Navn: Kristin Buhaug
Tittel: Koordinerande rådgjevande overlege NAV Vestland
Telefon: 90950359
E-post: kristin.buhaug@nav.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
NAV Alver // NAV region Nordhordaland
Kvernhushaugane 2
5914 ISDALSTØ