Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ei ledig fast stilling (100%) som LIS2/3 i nukleærmedisin. Faget nukleærmedisin er primært bildediagnostikk, som kombinerer fagområda anatomi, fysiologi, biokjemi, patologi og kunnskap innan strålefysikk og bildedanning.

Senter for nukleærmedisin/ PET er ein integrert del av Radiologisk avdeling, og utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke. I tillegg har vi regionalt ansvar og landsfunksjon for deler av verksemda.

Senteret utfører alle tradisjonelle nukleærmedisinske og PET-undersøkingar i kombinasjon med CT, MR og ultralyd, inkludert ultralyd rettleia biopsiar. Senteret har ein PET/CT (Biograph Vision), PET/MR (Biograph mMR), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ultralyd (Hitachi Ascendus). Senteret arbeider tverrfagleg og har ca. 40 medarbeidarar, eigen legemiddelfabrikk for radiofarmaka med syklotron og radiokjemi. Vi har marknadsføringstillating for [18F]FDG og tilverkarløyve på [18F]PSMA-1007, [11C]metionin, [18F]FLT, [18F]FDOPA og [18F]FMISO med landsfunksjon for dei 4 sistnemde. I tillegg blir [68Ga]DOTATOC eigenprodusert. Senteret samarbeider også tett med andre avdelingar når det gjeld ulike former for terapiar som SIRT, Xofigo, Lutathera, og radiojodbehandling.

Det er primært dagarbeid ved senteret. Som eit ledd i spesialiseringa innan nukleærmedisin, har LIS også sideteneste i radiologi på Radiologisk avdeling i 12 månader med vaktarbeid i delar av perioden.

Les meir om senteret her   Sjå også Helsedirektoratet sine sider om utdanning i nukleærmedisin, samt utdanningsplan for Helse Bergen    

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på senteret, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
  • Relevante prosedyrar, etter opplæring og under supervisjon
  • Utføre ultralydundersøkingar
  • Delta i undervising og kurs relevante for spesialiteten
  • Delta i avdelinga si studentundervising, internundervising, fagutvikling og forskingsarbeid
  • Delta i pasientbehandling
  • Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervising

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i nukleærmedisin
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Den som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest i høve til Lov om helsepersonell § 20a
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følgjer opp delegerte oppgåver og er ansvarsbevisst
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø og er samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Cecilie Brekke Rygh
Tittel: Senterleiar
Telefon: 992 79 005
E-post: cecilie.brekke.rygh@helse-bergen.no
Navn: Martin Biermann
Tittel: Overlege, medisinsk ansvarleg
Telefon: 55 97 76 43
E-post: martin.biermann@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen