Glad i fjell og friluftliv? Kom til Vestre Slidre!

Vestre Slidre kommune har ledige fastlegestillingar ved Slidre legesenter. 

Kommunen ønsker å vera fleksible og tilpasse gode løysingar saman med deg. Ta kontakt for ein prat! 

Har du lyst til å bu nær fjellet, men samstundes ha kort veg til bynære strøk?

Vestre Slidre har flotte naturområder for fjellturar, sykling og ski og ligg nære Jotunheimens mange turmoglegheiter.  
Slidre legesenter er lokalisert på Slidretun som er eit 3-legesenter og har i tillegg LIS 1. Kontorlokala er lyse og venlege med utsikt over Jotunheimen. Vi nyttar CGM journalsystem, har eigen lab, skadestue med moderne utstyr, nytt GU-rom og er i ein unik økonomisk situasjon for å kjøpe inn medisinsk-teknisk utstyr som til dømes ultralyd.


Arbeidsoppgåver

Størrelse på pasientlista kan tilpasses etter nærare dialog. Kommunale oppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonar
  • Fastlegen må vere ferdig spesialist eller under spesialisering i allmennmedisin. Det arbeides med å lage gode utdanningsløp for våre allmennlegar i spesialisering (ALIS).
  • LiS1 som gjennomfører praksis i kommunehelsetenesta oppfordrast til å søke, og vil kunne vurderast  til stillinga forutsett godkjent LiS1-teneste, norsk autorisasjon som lege. 
  • Søker bør ha førarkort
  • Godkjent politiattest er ein føresetnad.
Personlege eigenskapar
  • Interesse for allmennmedisinevne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode evner til samarbeid og samhandling med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande.
  • Gode kommunikasjonsevner, herunder flytande norsk munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigenskaper og fagleg kompetanse, og god evner til samarbeid og samhandling
Vi tilbyr
  • Konkurransedyktige vilkår med fastlønn eller avtalepraksis, mogleg å drøfte legevakt som totalarbeidstid.
  • Ved fastlønn er vi IA bedrift med godt tilrettelagde ordningar og gunstige pensjonsordningar
  • Kommunen dekker utgifter til spesialtutdanning
  • Kommunen vil sørge for veileder, og vi vil saman utarbeida og fylgja opp utdanningsplanen din 
  • Moglegheit for heimekontor ein dag i veka
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
  • Gode kollegaer med spesialisering  i allmennmedisin
  • Dyktig hjelpepersonell som er tilsett i kommunen
  • Fagleg variert og innhaldsrikt legearbeid i distrikts-Norge
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe barnehageplass
Vestre Slidre har tru på at mangfald på arbeidsplassen gjer oss betre saman,  vi vil derfor oppfordre kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, alder, kulturell bakgrunn, funksjonsnedsetting eller hol i CV-en.
 
Vestre Slidre er ein god stad og bu og leve, bli med på laget vårt!
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Kontaktpersoner
Navn: Stine Mari Skrindsrud Nordaas
Tittel: Kommunalsjef Helse og Omsorg
Telefon: 99539117
Navn: Siw Odden Fosheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 90035396
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillingen