Kort om arbeidsgiver
Vil du arbeide som lege i fjellbygda Lom? 

Lom kommune har ledig eit 80% fastlønna vikariat i eitt år. Det er mogleg å arbeide i tilpassa turnus, med periodar med arbeid og periodar med fri. Det er ynskjeleg med tiltreding snarast. Stillinga er organisert under legetenesta, Helse og velferd, Lom kommune. 
Vi ynskjer ein person som har gode samarbeidsevner og som er personleg eigna for stillinga. 
Det blir kravd at den som vert tilsett er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid, både i høve til kollega, pårørande og pasientar.

Arbeidsoppgåver
  • Fastlegeoppgåver med akuttansvar på enkelte dagar
  • Listestorleik for stillinga er 701 pasientar
  • Deltaking i interkommunalt legevaktarbeid
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo.
  • Beherske skandinavisk språk skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha førarkort for personbil
Legetenesta nyttar journalsystemet InfoDoc.

Høyrest dette spennande ut?
Søk jobb hjå ein triveleg gjeng på Lom helsesenter!Gå til elektronisk søknadsskjema.


Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar for legetenesta, Hege Kirkestuen Melby på tlf. 904 13 339

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg. Den som blir tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi ser fram til å høyre frå deg! 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Lom kommune
Kontaktperson
Navn: Hege Kirkestuen Melby
Tittel: Leiar for legetenesta i Lom kommune
Telefon: 904 13 339
E-post: Hege.Kirkestuen.Melby@lom.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Lom helsesenter
Sognefjellsvegen 6
2686 LOM
Søk på stillingen