Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den består av 3 sengepostar (70 senger), poliklinikkar, dialyseining og 6 intensivsenger. Avdelinga har fagseksjonar innanfor nyresjukdomar, lungesjukdomar, blodsjukdomar, hjartesjukdomar, diabetes- og stoffskiftesjukdomar, mage/tarmsjukdomar, intensivbehandling og infeksjonssjukdomar samt alderssjukdommar og hjerneslag.
Endokrinologisk seksjon er ein liten seksjon der endokrinolog og diabetessjukepleiarar arbeider tett saman i team. Vi har også tilgang til KEF. Vi har ikkje eigen sengepost, men låner senger på nyreseksjon ved behov. Å ha tilsyn med, og vere tilgjengeleg for, innlagte pasientar samt å ha eit nært samarbeid med andre fagområder, er viktige oppgåver i arbeidskvardagen vår. Poliklinikkarbeidet er variert, og omhandlar alle deler av endokrinologien,
Vi har tett samarbeid med endokrinkirurg lokalt, og også ved universitetsjukehus. Vi har dyktige sjukepleiarar, som gjennomfører sjølvstendige konsultasjoner og konfererer med lege ved behov. I tillegg til pasientnært arbeid held vi regelmessige kurs for diabetespasientar og vi arbeider digitalt opp mot pasientar og fastlegar. Nytt av året er at vi innfører brukarstyrt poliklinikk for ein del av pasientane våre med type 1 diabetes.
Seksjonen har ledig fast stilling for overlege i endokrinologi. Oppstartdato etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid på poliklinikk, tilsyn på andre avdelinga og rådgjeving til fastlegar
- Supervisjon og rettleiing av LIS
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
- Medvirke til utvikling av seksjonen og avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk spesialistgodkjenning
- Det er krav om at den som blir tilsett mestrar norsk, eller eit anna skandinavisk språk, skriftleg og muntleg, på eit nivå som er tilstrekkeleg for forsvarleg
yrkesutøving
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Strukturert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår