OM STILLINGA:
Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS-2 i generell kirurgi/gastroenterologisk kirurgi. Ynskjeleg med oppstart frå 01.09.2022 - 31.05.2023 eller etter nærare avtale med avd. overlege. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
OM AVDELINGA:
Det er 8 LIS 2/3 legar ved kirurgisk avdeling, 4 LIS 2 generell kirurgi og 4 LIS 3 ortopedi. Vaktordninga er for tida 8-delt, felles vakt ortopedi og generell kirurgi med helgevakt kvar 4. helg. Det er 5 spesialistar i generell kirurgi/ gastroenterologisk kirurgi.
Kjerneaktiviteten vår gjeld hovudsakleg bariatrisk kirurgi, cholecystektomi, ulike typar brokk og tarmreseksjonar – samt fleire mindre generellkirurgiske inngrep. Vi har i tillegg stor endoskopisk aktivitet og skal medverka i det komande koloskopi-screeningprogrammet.
LITT OM VOSS SJUKEHUS:
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt ein stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrking av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.
Ein samla utviklingsplan, Nye Voss sjukehus fram mot 2035, er no under arbeid. Planen har som mål å utvikle eit framtidsretta sjukehus, der nytt areal og infrastruktur skal støtte opp om aktiviteten ved sjukehuset.
LITT OM VOSS:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.