Kort om arbeidsgiver

Medisinsk biokjemi er eit spennende fag, og vår virksomhet står sentralt i klinisk beslutningsstøtte. Vårt fagfelt er viktig innan medisinsk forsking, og vil være viktig i vidare utvikling av presisjonsmedisin.       

Vi har ledige vikariat som lege i spesialisering (LiS 2/3) til legegruppa i medisinsk biokjemi, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Laboratorieklinikken. Vikariatet er på 12 månader, startdato 12.09.22 eller etter nærare avtale.  

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert til Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen, og omlag 350 tilsette. Avdelinga omfattar tre legegrupper, legegruppa i medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi. Avdelinga har totalt 14 driftseksjonar (12 analytiske og to ikkje-analytiske seksjonar).

MBF har ein omfattande rutineaktivitet som inkluderer alle fagområda innan medisinsk biokjemi, og vi driv ein betydeleg forskingsaktivitet knytt til våre satsingsområde. 

Arbeidsoppgåver

  • Vaktordning innanfor normal arbeidstid
  • Vurdering og kommentering av analysar i medisinsk biokjemi
  • Konsultativ verksemd, rettleiing og rådgjeving til rekvirerande legar og andre
  • Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
  • Fordjuping og forsking innan avdelingas verksemd
  • Bidra med undervising av tilsette, studentar og ved kurs og anna etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i medisinsk biokjemi 
  • Erfaring frå medisinsk biokjemi vil bli vektlagt
  • Søkjar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
  • Du er resultatorientert
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeidar strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
  • Du kan følgje opp delegerte oppgåver
  • Du er fleksiblel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanninga
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Jørn Vegard Sagen
Tittel: Avdelingssjef MBF
Telefon: 55974396
E-post: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen